4. Mosebok 35 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Israels-borni skal gjeva levitane 48 byar i det landet dei skal koma til å eiga, og seks av dei byane skal vera fredstader for dråpsmenner, 1-15. Han gjev lover um dråpsmenner, 16-34.

1Og Herren tala til Moses på Moabmoane ved Jordan, midt for Jeriko, og sa:

2Seg til Israels-borni: De skal gjeva levitane byar til bustad i det landet de kjem til å eiga, og utmarki som ligg ikring, skal de og lata levitane få.

3Byane skal dei hava til å bu i, og utmarki som høyrer til, skal vera til beite for kløvdyri og feet og all buskapen deira.

4Utmarki som de gjev levitane, skal nå tusund alner ut ifrå bymuren rundt ikring.

5Utanfor byen skal de mæla upp tvo tusund alner på austsida og tvo tusund alner på sudsida og tvo tusund alner på vestsida og tvo tusund alner på nordsida, og byen skal liggja midt i; det skal vera bymarkene deira.

6Dei byane som de gjev levitane, skal vera dei seks fredstadene som dråpsmenner kann røma til, og attåt dei skal de gjeva tvo og fyrti andre byar.

15Både for Israels-borni og for dei framande og innflutte som bur millom dei, skal desse seks byane vera til ei livd, so den som uviljande hev drepe nokon, kann røma dit.

16Den som slær ein med eit jarnhandyvle so han døyr, han er ein manndråpar, og manndråparen skal lata livet.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help