Job 41 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Når mennesket ikkje vågar å taka på krokodillen, korleis kann det då våga å reisa seg mot Gud, han som ingen kann krevja noko av, 1.2? Herren held fram og skildrar styrken åt krokodillen og den skræmelege utsjånaden hans, so Job endå meir skal nøydast til å bøygja seg for Guds makt og storvelde, 3-25.

1So djerv er ingen at han torer terga han; kven vågar då å reisa seg mot meg?

2Kven gav meg noko fyreåt, so eg laut gjeva lika for det? Alt under himmelen er mitt.

20Stridsklubbor reknar han for halm, han berre lær åt spjot som susar.

21På buken sit det kvasse broddar, han lagar far i søyla som ein treskjeslede.

22Han fær djupet til å koka som ei gryta, og havet til å skuma som ein salvekjel.

23Stigen hans lyser etter han; djupet ser ut som det hev sylvhår.

24På jord finst ingen ting som meistrar han; skapt er han til å vera utan reddhug.

25Alt som er høgt, ser han i auga; han er ein konge yver alle stolte dyr.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help