Hosea 9 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Det fråfalne Israel skal ikkje fegnast yver sine jordiske rikdomar, som dei meiner er løn for avgudsdyrkingi deira; for alt dette skal takast frå dei. Dei skal verta førde burt til Assyria, og der er det slutt med all deira gudstensta, medan landet deira ligg audt, 1-6. Denne straffi skal koma yver dei av di dei hev late seg dåra av dei falske profetane - som dei då skal sjå i deira rette ljos - so dei hev sokke djupt i used, liksom federne i domartidi og i øydemarki. All deira herlegdom skal verta til inkjes; Herren skal gjera dei uføre til å eiga born, og um det kjem born til verdi, skal dei lata livet. Herren skal støyta dei burt for deira ulydnad skuld, so dei lyt flakka ikring millom heidningane, 7-17.

1Gled deg ikkje, Israel, og fagna deg ikkje, liksom folki! For du hev gjenge frå din Gud i hor; du hev havt din hugnad i skjøkjeløn på kvar ein stad der dei treskjer korn.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help