Jesaja 16 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Profeten uppmodar moabitane til å gjeva seg under Juda, 1. I si naud skal dei søkja hjelp hjå Juda; då skal ein mild og rettvis konge sitja trygt på kongsstolen der, 2-5. Ovmodet åt Moab er grunnen til at det gjeng under; undergangen vert skildra nøgjare, og det vert sagt at han kjem snart, 6-14.

1Send landsherren dei lamb han skal hava, frå Sela igjenom øydemarki til fjellet åt Sions dotter!

9Difor græt eg med Jaser yver Sibma-vintreet; med tårone mine vatnar eg deg, Hesbon, og deg, El'ale! For yver din frukthaust og din vinhaust slær fagnadrop ned.

10Gleda og fagnad kverv or aldehagane, og i vingardane høyrest ikkje gledesongar eller fagnadrop; ingen trakkar druvor i persone; fagnadropet let eg tagna.

11Difor bivrar mitt brjost for Moab som citarstrenger, og mitt hjarta for Kir-Heres.

13Dette er det ordet som Herren fordom tala mot Moab.4 Mos 24,17; Am 2,1-3

14Men no talar Herren so: Innan tri år - so som ein leigekar reknar åri - skal Moabs herlegdom vera lite vyrd, endå der er so mykje folk, og leivningen som er att, skal vera liten og vesal, ikkje mykje verd.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help