Jesaja 10 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Assyrarane skulde vera reidskap for Guds vreide til å tukta Israel, men i sitt ovmod vil dei vera sine eigne herrar, og dei tenkjer berre på å tyna alle andre folk, Guds folk og, og rana landet og eignelutene deira; difor vil Herren, når han hev straffa sitt folk ved dei, venda seg mot dei sjølve og tyna dei, 5-19. Når straffi yver Guds folk er fullførd, skal berre ein liten flokk verta leivd, og den skal då venda um til Herren og lita berre på han, 20-23. Difor skal folket hans ikkje ottast assyrarane, for han skal snart gjera med dei som han gjorde med midianitane og egyptarane i gamle dagar, og letta åket deira av det; når heren kjem tett innåt Jerusalem, skal Herren tyna han med eit veldigt slag, 24-34.

1Usæle dei som gjev urettferdige lover og ferdar ut skriv som er til skade,

16Difor skal Herren, Israels Gud, allhers Gud, senda tærande sott millom hans sterke menner, og under hans herlegdom skal ein eld loga upp som eit brennande bål.

17Israels ljos skal verta ein eld, og den Heilage i Israel til ein loge, som skal brenna upp og øyda hans tornar og tistlar, alt på ein dag.

21Ein leivning skal venda um, leivningen av Jakob, til Gud den veldige.

22For um so ditt folk, Israel, er som havsens sand, so skal berre ein leivning av det venda um; øyding er fastsett, ein flaum av rettferd.

23For øyding og fastsett straffedom let Herren, Israels Gud, allhers Gud, koma yver all jordi.

26Og Herren, allhers Gud, skal svinga ei svepa yver han, liksom då han slo Midian ved Orebsberget; og staven hans skal vera utrett yver havet, og han skal lyfta han sameleis som i Egyptarland.

28Han kjem mot Ajat, fer gjenom Migron; han let etter seg trènet i Mikmas.

29Dei fer yver skardet. I Geba vil me halda nattekvild. Rama skjelv, Sauls Gibea flyr.

30Skrik høgt, du Gallims dotter! Lyd etter, Laisa! Arme Anatot!

31Madmena flyr, Gebims-buane bergar sitt bu.

32Alt same dagen stend han i Nob; då svingar han handi mot fjellet til Sions dotter, mot Jerusalemshaugen.

33Sjå, Herren, Israels Gud, allhers Gud, høgg lauvkruna av med skræmeleg kraft; dei rakvaksne stomnane vert felte, og dei røslege trei sig i bakken.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help