Jesaja 64 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Folket held fram med bøni. Det bed Herren at han vil openberra seg i si allmakt og frelsa det liksom i gamle dagar, 1-4. Det gjeng ved at det sjølv hev fortent si ulukka med syndene sine, og bed Herren at han vil stagga harmen sin, tilgjeva det misgjerningane og koma i hug det øydelagde Jerusalem og templet, 5-11.

1Gjev du reiv himmelen sund og steig ned, so fjelli skalv for di åsyn, som elden fatar i risved og fær vatnet til å koka - til å kunngjera namnet ditt for dine motmenn, so folki laut skjelva for di åsyn,

2når du gjorde skræmeverk som me ikkje venta, når du steig ned, og fjelli skalv for di åsyn!2 Mos 19,18-25

3Aldri hev nokon spurt eller høyrt, aldri hev auga set nokon annan gud enn du gjera slikt for dei som ventar på han.1 Kor 2,9

4Du kjem imot dei som gjer rettferd med gleda, dei som kjem deg i hug på vegane dine. Sjå, du vart harm, og me synda; so var det med oss frå gamalt, kunde me då verta frelste?

5Me vart alle i hop som ein urein, og all vår rettferd som eit tilsulka plagg, som lauvet visna me alle saman, og våre misgjerningar bles oss burt som vinden.Esek 36,17

6Det finst ingen som kallar på namnet ditt, som mannar seg upp til å halda fast på deg; for du hev løynt di åsyn for oss og gjeve oss våre misgjerningar i vald til å tærast upp.

7Men no, Herre! Du er vår far; me er leiret, og du den som formar oss, og eit verk av di hand er me alle.Jes 63,16; Jer 3,19; Mal 2,10; Rom 9,20-21

8Herre, ver ikkje so ovleg harm, og tenk ikkje æveleg på misgjerning! Men sjå på at me alle er ditt folk!Sal 25,7

9Dine heilage byar hev vorte øydemark; Sion hev vorte ei øydemark; Jerusalem ei audn.Sal 79,1

10Vårt heilage hus, det herlege, der federne våre lova deg, hev vorte uppbrent med eld, og alt som var vår hugnad, hev vorte grushaugar.Sal 74,7; 2 Kong 25,9; 2 Krøn 36,19

11Vil du med alt dette halda deg att, Herre? Vil du tegja og trykkja oss so tungt?

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help