Jeremia 30 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Herren set Jeremias til å skriva upp i ei bok det ordet han no skal få høyra, av di det gjeld den komande utfriingi or utlægdi for Israel og Juda, 1-3. Det skal verta ei stor trengsletid for folki, men or den skal koma frelsa for Guds folk, som då skal verta løyst frå åket åt heimsriket og tena Herren og Messias, kongen sin: difor skal det ikkje ottast, 4-11. Herren vil lækja den djupe skaden det hev fenge til syndestraff, og straffa fiendane for det dei hev gjort, 12-17. Han vil føra dei heim att til landet deira, gjeva dei ein konge av deira eigi ætt, som skal hava inderleg samfund med han, og aller vera deira Gud, 18-22. I dei siste dagar skal Herrens vreide koma som ein storm yver alle dei ugudelege, til dess han hev sett si rådgjerd i verk, 23.24.

1Dette er det ordet som kom til Jeremias frå Herren:

2So segjer Herren, Israels Gud: Skriv upp i ei bok alle dei ordi eg hev tala til deg!

3For sjå, dagar skal koma, segjer Herren, då eg endar utlægdi åt folket mitt, Israel og Juda, og let dei koma heim att til det landet som eg gav federne deira, so dei kann eigna det til seg.

9Og dei skal tena Herren sin Gud og David sin konge, som eg vil reisa upp åt dei.

21Hans herlege skal vera av hans eigi ætt, og drotten skal ganga fram or hans eigen flokk, og eg vil lata han koma nær innåt meg, og hans skal stiga fram for meg; for kven vil elles våga livet og koma meg nær? segjer Herren.

22Og de skal vera mitt folk, og eg vil vera dykkar Gud.Jer 24,7; 31,1.33

23Sjå, ein storm frå Herren, vreiden hans, bryt fram, ein rjukande storm; ned yver hovudet på dei ugudlege kjem han i kvervlar.Jer 23,19-22

24Herrens brennande vreide skal ikkje venda att fyrr han hev sett i verk og fullført sitt hjartans tankar; i dei siste dagar skal de skyna dette.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help