1Sedekias var ein og tjuge år då fekk kongsnamn, og han sat konge i Jerusalem i elleve år. Mor hans heitte Hamital; ho var dotter åt Jirmeja og var frå Libna.Jer 37,1-2; 2 Kong 24,18-20; 2 Krøn 36,11-16
2Han gjorde det som Herren mislika, heiltupp liksom Jojakim.
3For det var for Herrens vreide skuld det gjekk som det gjorde med Jerusalem og Juda, til dess han kasta dei burt frå si åsyn. Um ei tid sa Sedekias seg laus frå Babel-kongen.Esek 17,15
4I niande året av kongedømet hans, tiande dagen i tiande månaden kom Nebukadnesar, Babel-kongen, til Jerusalem med heile heren sin. Han lægra seg mot byen, og dei bygde skansar rundt ikring bymuren.Jer 39,1-5; 2 Kong 25,1-7
5Dei heldt byen kringsett alt til ellevte året av kongedømet åt Sedekias;
6i det året, den niande dagen i fjorde månaden, då svolten hadde vorte hard i byen, og landslyden ikkje hadde meir mat,
7vart det brote hol i bymuren. Då rømde alt stridsfolket um natti gjenom porten millom båe murane innmed kongshagen, medan kaldearane låg rundt ikring byen. Dei tok vegen til Moane.
8Men kaldearheren sette etter kongen og nådde han att på Jerikomoane; då hadde heile heren hans rømt ifrå han og spreid seg.
9Kaldearane tok kongen og førde han upp til Ribla, der Babel-kongen var, og han sa domen yver han.
10Babel-kongen drap sønene åt Sedekias for augo hans; sameleis drap han alle hovdingane i Juda der i Ribla.Jer 39,6-10
11Sedekias sjølv let han blinda; so let han dei binda han med tvo koparlekkjor og førde han til Babel og heldt han i fengsel til hans døyande dag.
12Tiande dagen i femte månaden - det var nittande året av Nebukadnesars kongedøme i Babel - kom ein av dei høgste mennene hjå Babel-kongen - Nebusaradan heitte han og var hovding for livvakti - til Jerusalem.
13Han brende upp Herrens hus og kongsgarden; og alle husi i Jerusalem - alle dei som høyrde stormennene til - sette han eld på.
14Og heile kaldearheren som livvakt-hovdingen hadde med seg, reiv ned alle murane ikring Jerusalem.
15Sume av dei ringaste av folket og resten av folket, dei som var att i byen, og dei som var falne ifrå og hadde gjenge yver til Babel-kongen, og resten av ålmugen førde han - Nebusaradan, hovdingen for livvakti - burt.
16Berre nokre av dei ringaste i landet let Nebusaradan, livvakt-hovdingen, vera att; dei skulde arbeida i vinhagane og på åkrane.
17Koparsulone i Herrens hus og fotstykki og koparhavet som stod i Herrens hus, braut kaldearane sund og førde all koparen til Babel.Jer 27,19-22
18Oskefati og eldskuflene og knivane og røykjelsesskålene og alle kopargognene som hadde høyrt til gudstenesta, tok dei og.
19Og skålene og glodpannone og blodbollane og oskefati og ljosestakane og røykjelsesskålene og staupi - alt, berre det var gull og sylv, tok livvakt-hovdingen med seg.
20De tvo sulone og det parlause havet og dei tolv koparuksane som var under fotstykki som Salomo hadde laga åt Herrens hus - alt det var det so mykje kopar i at det var ikkje råd å vega det.1 Kong 7,15-17.23-39
21Um sulone er å segja: Den eine sula var attan alner høg, og ein tråd på tolv alner nådde rundt um henne; ho var fire fingrar tjukk og innhol.2 Kong 25,17; 2 Krøn 3,15
22Ovanpå henne var det eit sulehovud av kopar, og det eine sulehovudet var fem alner høgt, og det var flettverk og granateple rundt ikring sulehovudet, alt saman av kopar; sameleis var det med den andre sula, som og hadde granateple.
23Granatepli var seks og nitti i talet utetter; i alt var det hundrad granateple på flettverket rundt ikring.
24Hovdingen for livvakti tok med seg Seraja, øvstepresten, og Sefanja, den næst øvste presten, og dei tri dørstokk-vaktarane,
25og av byfolket tok han med seg ein hirdmann som var hovudsmann yver herfolket, og sju menner av dei som allstødt hadde vore ikring kongen, og som endå fanst i byen, og skrivaren åt herhovdingen - han som skreiv ut landslyden til hertenesta - og seksti mann av landslyden som dei fann i byen -
26alle desse tok Nebusaradan, hovdingen for livvakti, med seg til Ribla, til Babel-kongen.
27Og Babel-kongen let drepa dei der i Ribla i Hamatlandet. Soleis vart Juda-folket ført burt frå landet sitt.
28Her er talet på dei som Nebukadnesar førde burt: I det sjuande året tri tusund og tri og tjuge jødar;
29i Nebukadnesars attande år åtte hundrad og tvo og tretti sjeler frå Jerusalem;
30i Nebukadnesars tri og tjugande år førde Nebusaradan, livvakt-hovdingen, burt sju hundrad og fem og fyrti sjeler av jødane; i alt var det fire tusund og seks hundrad sjeler.
31I sju og trettiande etter Jojakin, Juda-kongen, var førd i utlægd, fem og tjugande dagen i den tolvte månaden, hende det at Evilmerodak, kongen i Babel - same året som han vart konge - tok Jojakin, Juda-kongen, til nåde og henta han ut or fangehuset.2 Kong 25,27-30
32Han tala venleg med han og gav han øvste sessen millom dei kongane som var hjå han i Babel.
33Jojakin la av seg fangebunaden og gjekk sidan stødt til bords hjå kongen, so lenge han levde.2 Sam 9,7
34Det han laut hava til stendigt livsupphelde, vart send han frå kongen, kvar dag det han trong for dagen, og soleis var det heile hans levetid, til hans døyande dag.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.