1Korah, son åt Jishar Kahatsson av Levi-ætti, og Datan og Abiram, sønene hans Eliab, og On Peletsson av Rubens-ætti tok med seg folk
2og steig fram for Moses, og saman med dei tvo hundrad og femti av dei øvste i Israels-lyden, som var kåra til tingmenner og hadde eit godt namn.4 Mos 1,16; 26,9
3Dei slo seg i hop med Moses og Aron og sa til dei: No lyt det vera nok! Heile lyden er heilag, alle saman, og Herren er midt imillom dei; kvi held de dykk då gildare enn Herrens lyd?
4Då Moses høyrde det, kasta han seg å gruve på jordi.
5Og han tala til Korah og heile flokken hans og sa: I morgon vil Herren syna kven som høyrer han til, og kven som er heilag og fær koma inn til han, og den som han då vel, skal få koma inn til han.4 Mos 17,5
6Gjer du so, du Korah og heile flokken din: Tak med dykk glodfat
7og hav eld i dei og legg røykjelse på dei for Herrens åsyn i morgon, og den mannen som Herren vel, han skal vera den heilage. Lat so det vera nok, de Levi-born!
8Og Moses sa til Korah: Høyr no de Levi-born!
9Er de ikkje nøgde med at Israels Gud hev skilt dykk ut frå Israels-lyden, so de skulde få koma nær innåt han og greida arbeidet i Herrens tabernakel og ganga lyden til handa?4 Mos 3,6-10
10Han hev teke deg og alle brørne dine, Levi-borni, innåt seg, og no trår de etter prestedømet og!
11Det er i mot Herren de hev slege dykk i hop, du og heile flokken din; for kva er Aron? Kann det vera verdt og setja seg upp i mot han?2 Mos 16,7
12So sende Moses bod etter Datan og Abiram, sønene hans Eliab; men dei svara: Me kjem ikkje.
13Er det ikkje nok at du hev ført oss upp frå eit land som fløymer med mjølk og honning, so me skulde døy i øydemarki? Vil du no attpå gjera deg til herre yver oss?
14Ikkje heller hev du ført oss inn i eit land som fløymer med mjølk og honning, eller gjeve oss åkrar og vinhagar til eiga; trur du då du kann synkverva desse mennene? Me kjem ikkje.4 Mos 13,27
15Då vart Moses brennande harm, og han sa til Herren: Ansa ikkje offeret deira! Ikkje so mykje som eit asen hev eg teke frå dei, og ingen av dei hev eg gjort noko til meins.1 Sam 12,3
16So sa Moses til Korah: Møt no fram for Herrens åsyn i morgon, du og heile flokken din! Aron skal og møta fram,
17og de skal taka kvar sitt glodfat og leggja røykjelse på dei og bera dei fram for Herrens åsyn, tvo hundrad og femti glodfat, og du og Aron skal og taka kvar sitt glodfat.
18So tok dei kvar sitt glodfat og hadde eld i dei og la røykjelse på og stod i møtetjelddøri, og det same gjorde Moses og Aron;
19og Korah samla heile lyden imot dei framfor møtetjelddøri. Då synte Herrens herlegdom seg for heile lyden.
20Og Herren tala til Moses og Aron og sa:
21Skil dykk frå denne lyden, so skal eg gjera ende på dei so fort som ein blunkar med auga.
22Men dei kasta seg å gruve og sa: Gud, du Gud som råder yver livsens ande i alt kjøt, harmast du på heile lyden for di ein mann syndar?4 Mos 27,16; 2 Sam 24,17; Job 12,10
23Og Herren svara Moses:
24Tala til lyden og seg at dei skal hava seg burt frå bustaden åt Korah og Datan og Abiram, og frå alt som derikring er!
25So reiste Moses seg upp og gjekk burt til Datan og Abiram, og Israels hovdingar fylgde han.
26Og han tala til lyden og sa: Gakk burt frå tjeldbuene åt desse gudlause mennene, og kom ikkje innåt noko som høyrer dei til; elles kjem de og til å lida for alle syndene deira!2 Kor 6,17; Op 18,4
27Då flutte dei seg burt frå bustaden åt Korah og Datan og Abiram og alt som var ikring um. Men Datan og Abiram kom ut og stod i budøri med konone sine og borni, både store og små.
28Og Moses sa: Dette skal de hava til merke på at det er Herren som hev sendt meg til å gjera alle desse verki, og at det ikkje er av meg sjølv eg gjer det:
29Dersom desse døyr på same vis som anna folk eller vert heimsøkte på same måten som alle andre menneske, so hev Herren ikkje sendt meg;
30men dersom Herren gjer noko som aldri fyrr hev hendt, dersom jordi let upp gapet sitt og gløyper dei og alt folket deira, so dei fer levande ned i helheimen, so veit de at desse mennene hev vanvyrdt Herren.
31Ikkje fyrr hadde han sagt dei ordi, so rivna grunnen under dei;
32jordi let upp gapet sitt og gløypte dei og bustadene deira og alt folket hans Korah og alt det dei åtte.
33Dei for levande ned i helheimen med alle sine; jordi gøymde dei, og dei kvarv burt or lyden.4 Mos 26,10; 5 Mos 11,6; Sal 106,17; Jud 1,11; Sal 63,10
34Og heile Israel som stod rundt ikring, rømde då dei høyrde skriket deira; dei var redde jordi skulde gløypa dei med.
35So for det eld ut frå Herren og brende upp dei tvo hundrad og femti mennene som hadde bore fram røykjelsen.3 Mos 10,1-2; 4 Mos 11,1
36Då tala Herren til Moses og sa:
37Seg til Eleasar, son åt Aron, presten, at han skal taka upp glodfati som ligg att der elden hev fare, og strå glørne vidt utyver! For heilage er dei,
38glodfatet åt desse mennene som laut lata livet for syndi si; de skal hamra dei ut til tunne plator og klæda altaret med dei. Dei hev vorte framborne for Herrens åsyn; difor er dei heilage og skal vera eit teikn for Israels-borni.
39Og Eleasar, presten, gjorde som Moses hadde sagt han frå Herren; han tok koparfati som dei hadde bore fram dei mennene som brann upp, og smedane hamra plator av dei til å klæda altaret med,
40so Israels-borni skulde koma i hug at ingen framand, ingen som ikkje er av Arons ætt, måtte ganga fram og brenna røykjelse for Herrens åsyn; elles kom han til å fara same ferdi som Korah og hans flokk.4 Mos 1,51; 3,10
41Dagen etter mukka heile Israels-lyden mot Moses og Aron og sa: Det er de som hev drepe Herrens folk!
42Då lyden samla seg mot Moses og Aron, vende dei seg mot møtetjeldet båe tvo; då såg dei at skyi låg yver det, og Herrens herlegdom synte seg.
43So gjekk Moses og Aron fram for møtetjeldet,
44Og Herren tala til Moses og sa:
45Sjå til å koma dykk burt frå denne hopen, so skal eg tyna dei i ein augneblink! Då kasta dei seg å gruve,
46og Moses sa til Aron: Tak glodfatet; legg i glør frå altaret og hav røykjelse uppå og skunda deg so burt til lyden med det og gjer soning for dei! For Herren hev slipt harmen sin laus - sotti er komi.
47Aron gjorde som Moses hadde sagt, og tok glodfatet og sprang midt inn i flokken; sotti hadde då alt teke til å herja millom folket. So la han røykjelsen på glørne og gjorde soning for folket,
48medan han stod der millom daude og levande; då stansa sotti.Sal 106,30
49Men det var fjortan tusund og sju hundrad som døydde i den sotti, umfram dei som miste livet for Korahs skuld.
50Då sotti hadde gjeve seg, gjekk Aron attende til Moses, til møtetjelddøri.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.