Jesaja 6 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Profeten ser Herren i hans herlegdom; englar stend ikring han og prisar han, den heilage, 1-3. Han trur det er ute med han, av di han, den ureine, hev set den heilage Gud; men ein av englane reinsar han for syndi hans, 4-7. Sidan kallar Herren han til å forkynna forherding yver Israel og å gjera hjarta hardt på folket med talen sin, 8-10. Forherdingi skal vara til landet og folket er tynt med straffedom på straffedom; men ein liten leivning av folket skal vera att, og av den skal ei ny og heilag ætt gro upp, 11-13.

1Det året då kong Ussias døydde, såg eg Herren sitja på ein høg, høg kongsstol, og slepet på kåpa hans fyllte templet.2 Mos 24,10

2Serafar stod ikring han. Kvar av dei hadde seks venger; med tvo gøymde dei andleti sine, med tvo gøymde dei føtene, og med tvo flaug dei.2 Mos 3,6; 1 Kong 19,13

3Og den eine ropa til den andre og sa: Heilag, heilag, heilag er Herren allhers Gud; all jordi er full av hans herlegdom.Op 4,8; Sal 72,19; Hab 3,3

4Dørstokk-postane riste når ropet ljoma, og huset vart fyllt med røyk.2 Mos 40,34; 1 Kong 8,10-11; Esek 10,4; Op 15,8

5Då sa eg: Usæl er eg! No er ute med meg; for eg er ein mann med ureine lippor, og eg bur millom eit folk med ureine lippor, og augo mine hev set Kongen, Herren, allhers Gud.2 Mos 19,21; 33,20; Dom 6,22-23; 13,22

6Då flaug ein av serafane burt til meg; han hadde i handi ein gloande stein, som han med ei tong hadde teke på altaret.

7Med den rørde han ved munnen min, og so sa han: Sjå, denne hev rørt ved lippone dine; no er di misgjerd burte, og di synd er sona.Dan 10,16-18; Sak 3,4

8Då høyrde eg Herren tala og sa: Kven skal eg senda, og kven vil vera vår bodberar? Då sa eg: Sjå her er eg, send meg!

9Og han sa: Gakk av stad og seg til dette folket: Høyr og høyr, men håtta ikkje! Sjå og sjå, men skyna ikkje!Esek 12,2; Matt 13,14; Mark 4,12; Luk 8,10; Apg 28,26; Rom 11,8

10Gjer hjarta hardt på dette folket, gjer øyro dauvhøyrde og klin augo att, so det ikkje ser med augo eller høyrer med øyro eller skynar med hjarta, og vender um og vert lækt.5 Mos 29,4; Jes 63,17; Jer 5,21; 6,10; Joh 12,40

11Då spurde eg: Kor lenge, Herre? Han sa: Til dess byane ligg aude og folketome, og husi stend utan folk, og landet ligg att som ei øydemark.Jes 5,9

12Og Herren skal driva folket langt burt, og det vert ovleg audt i landet.5 Mos 28,64

13Og finst det endå att ein tiandepart i det, so skal den og øydast ut. Men liksom det vert ein stuv att av terebinta og eiki når ein feller dei, so skal eit heilagt sæde vera den stuven som vert att av folket.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help