Esekiel 5 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Profeten skal på nytt lag med si åtferd syna kva lagnad som skal råka Jerusalems-buane, både når byen snart vert teken og sidan, 1-4. Herren hev gjeve Jerusalem ei serstoda i verdi, men det hev vore ulydigt mot bodi hans og gjenge lenger enn heidningane i gudløysa; difor vil han no for augo på heidningane halda ein dom utan like yver det: han vil lata størsteparten døy av sott og svolt og for sverd og ville dyr og gjera det til spott for heidningane, 5-17.

1Og du menneskeson, tak deg eit kvast sverd! Bruk det til rakekniv og far yver hovudet og skjegget med det, og tak deg so ei skålvekt og skift det du hev raka av!

2Ein tridjepart skal du brenna upp midt i byen, når kringsetjingsdagane er lidne, og ein tridjepart skal du taka og hogga i med sverdet rundt ikring byen, og ein tridjepart skal du spreida for vinden, og med drege sverd vil eg setja etter dei.

15du skal verta åt spott og hæding, til ei åtvaring og skræma for folki som bur rundt ikring deg, når eg held dom yver deg med vreide og harm og med harmfulle refsingar - eg, Herren hev tala -

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help