Jakob 1 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
Jakob helsar dei kristne av dei tolv Israelsættene, som er spreidde ikring i landi, manar dei til å vera glade i trengslone, til å beda og tru, og til å halda kristendomen sin for sin dyraste eignelut, 1-12. Freistingar til det vonde kjem frå oss sjølve; frå Gud kjem alle gode gåvor; han hev då gjeve oss atterfødingsnåden, 13-18. Ein skal vera sein til å tala og til å vreidast, 19.20, gjerne taka imot ordet og gjera etter det, 21-25. Um den rette gudsdyrkingi, 26.27.
1Jakob, Guds og Herren Jesu Kristi tenar, helsar dei tolv ættene som lever i framande land.