Johannes' openberring 3 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Det som Johannes skal skriva til engelen for kyrkjelyden i Sardes, 1-6, i Filadelfia, 7-13, og i Laodikea, 14-22.

1Og skriv til engelen for kyrkjelyden i Sardes: Dette segjer han som hev dei sju Guds ånder og dei sju stjernone: Eg veit um gjerningane dine, at du hev namn av at du lever, og du er daud.Op 1,4; 4,5; 1,16; 2,9; Luk 15,24

2Vert vaken, og styrk det andre, som var på veg til å døy! for eg hev ikkje funne gjerningane dine fullkomne for min Gud.1 Kor 15,34; Ef 5,14

3Kom difor i hug korleis du hev lært og høyrt, og tak vare på det og vend um! Dersom du då ikkje vaker, skal eg koma som ein tjuv, og du skal ikkje vita kva stund eg kjem yver deg.Op 2,5; 3,19; Matt 24,43; 1 Tess 5,2; Op 16,15

4Men du hev nokre få namn i Sardes, som ikkje hev flekka klædi sine, og dei skal ganga med meg i kvite klæde; for dei er verde det.Op 4,4; 6,11; 7,9

5Den som sigrar, han skal verta klædd soleis i kvite klæde, og eg skal ikkje strjuka namnet hans ut or livsens bok, og eg vil kjennast ved namnet hans for Far min og for hans englar.Op 13,8; 20,12; 2 Mos 32,32-35; Fil 4,3; Matt 10,32; Luk 12,8

6Den som hev øyra, han høyre kva Anden segjer til kyrkjelydane!

7Og skriv til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia: Dette segjer den Heilage, den Sannordige, han som hev Davids lykel, han som let upp, og ingen let att, og ingen let upp:1 Joh 5,20; Jes 22,22; Op 1,18

8Eg veit um gjerningane dine. Sjå, eg hev sett framfyre deg ei opna dør, og ingen kann lata henne att; for du hev liti kraft, og hev like vel teke vare på mitt ord og ikkje forneitta mitt namn.

9Sjå, eg let nokre av Satans synagoga koma, av dei som segjer dei er jødar, og ikkje er det, men lyg. Sjå, eg vil gjera so at dei skal koma og falla ned for føtene dine og skyna at eg hev elska deg.Op 2,9; Rom 2,28

10Sidan du hev teke vare på mitt ord um tolmod, so vil eg og fria det ut or den prøvings-stundi som skal koma yver all heimen, til å prøva dei som bur på jordi.

11Eg kjem snart. Hald fast på det du hev, so ingen skal taka kruna di!Op 22,7.12; Fil 4,5; 1 Kor 9,25

12Den som sigrar, han vil eg gjera til ein pilar i min Guds tempel, og han skal aldri meir ganga ut derifrå, og eg vil skriva på han min Guds namn og namnet på min Guds by, det nye Jerusalem, det som kjem ned frå himmelen frå min Gud, og mitt namn, det nye.Gal 2,9; Op 14,1; 22,4; 21,2.10; Gal 4,26; Hebr 12,22

13Den som hev øyra, han høyre kva Anden segjer til kyrkjelydane!

14Og skriv til engelen for kyrkjelyden i Laodikea: Dette segjer han som er amen, det truverdige og sannordige vitnet, upphavet til Guds skapning:Op 3,7; Kol 1,15-16

15Eg veit um gjerningane dine; at du er korkje kald eller varm. Gjev du var kald eller varm!

16Difor, etter di du er lunka, og korkje kald eller varm, vil eg spy deg ut or munnen min.Matt 12,30

17Sidan du segjer: Eg er rik og hev ovnøgd og treng ingen ting, og du veit ikkje at du er arm og ynkeleg og fatig og blind og naken,1 Kor 4,8; Op 16,15

18so råder eg deg til å kjøpa av meg gull som er glødt i eld, so du kann verta rik, og kvite klæde, so du kann klæda deg med dei, og skammi av din nakenskap ikkje skal verta synberr, og salva augo dine med augnesalve, so du kann sjå!1 Pet 1,7; Op 16,15; 19,8

19Alle dei eg elskar, dei refser og tuktar eg. Ver difor ihuga og vend um!Job 5,17; Ordt 3,12; Hebr 12,6; Op 2,16

20Sjå, eg stend for døri og bankar på; dersom nokon høyrer mi røyst og let upp døri, so vil eg ganga inn til han og halda nattverd med han, og han med meg.Luk 12,36; Joh 14,21.23

21Den som sigrar, han vil eg gjeva å sitja med meg på min kongsstol, liksom eg og hev sigra og sett meg med Far min på hans kongsstol.Matt 19,28; Joh 17,24; 1 Kor 6,2; 2 Tim 2,12; Luk 22,29-30

22Den som hev øyra, han høyre kva Anden segjer til kyrkjelydane!

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help