1Høyr dette, de av Jakobs hus, de som er nemnde med Israels-namnet og hev runne or Judas kjelda, de som sver ved Herrens namn og prisar Israels Gud - men ikkje med sanning og rett!
3Dei fyrste hendingar hev eg forkynt for lenge sidan, or min munn gjekk dei ut, og eg kunngjorde dei; brått sette eg dei i verk, og dei kom.
4For di eg visste at du er hard, at nakken din er ei jarnsén, og panna di av kopar,
11For mi skuld, for mi skuld gjer eg det; for kor skulde eg tola at namnet mitt vert vanhelga? Og mi æra gjev eg ingen annan.
15Eg, eg hev tala; eg hev og kalla han, eg hev late han koma, og han hev lukka på ferdi.
16Kom hit til meg, høyr dette! Frå upphavet hev eg ikkje tala i løyndom; frå den tid det kom, då var eg der. Og no hev Herren, Israels Gud, sendt meg og sin Ande.
17So segjer Herren, utløysaren din, Israels Heilage: Eg er Herren din Gud, som lærer deg å gjera det som er deg til gagn, som leider deg på vegen du skal ganga.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.