Haggai 2 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Profeten trøystar og styrkjer Serubabel, Josva og folket med di han forkynner dei at Herren vil vera med dei, og at dette andre templet etter store umsnuingar millom folki skal verta mykje rikare og herlegare enn det fyrste - ein lovnad som peikar fram mot Messias-tidi og vart uppfyllt då Messias stod fram i det nye templet si tid, 1-9. Herren hev hittil straffa folket for di det hev tét seg som eit ureint folk trass i ofringane sine, men frå no av, då dei med ærleg hug hev teke til med tempelbyggjingi, vil han velsigna dei, 10-19. Til slutt forkynner profeten at Herren i dei komande umsnuingane vil vara Serubabel (Davids etterkomar; av hans ætt skulde Messias koma), 20-23.

1Den ein og tjugande dagen i sjuande månaden kom Herrens ord ved profeten Haggai, og det lydde so:

2Tala til Serubabel Sealtielsson, jarlen i Juda, og til Josva Jehosadaksson, øvstepresten, og til det som er att av folket:

3Finst det endå nokon attlevande millom dykk som hev set dette huset i sin fyrre herlegdom? Og kva tykkjer de um det no? Er det ikkje for augo dykkar som inkjevetta?

15Gjev no gaum på tidi frå i dag og attende, fyrr de tok til og la stein på stein i Herrens tempel!

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help