1Herrens ord kom åt Jonas Amittaison, og det lydde so:2 Kong 14,25
2Statt upp og gakk til Ninive, den store byen, og preika for han! For vondskapen deira hev stige upp og er komen for mi åsyn.Jona 3,2
3Men Jonas stod upp og vilde fly til Tarsis, burt frå Herrens åsyn. Han for ned til Joppe og fann der eit skip som skulde ganga til Tarsis. So betala han ferdapengar og gjekk um bord og vilde fara med til Tarsis, burt frå Herrens åsyn.Jos 19,46
4Men Herren sende ein sterk vind ut yver havet, og det vart slik sterk storm på havet at skipet var ved og skulde brotna sund.Matt 8,24; Apg 27,14-26; Sal 107,25
5Då vart skipsfolki redde og ropa kvar til sin gud; og til å letta skipet kasta dei på sjøen alt tarvende som fanst um bord. Men Jonas hadde gjenge ned i det nedste skipsromet; der låg han og sov fast.2 Kong 17,29
6Då gjekk skiperen til han og sa: Korleis kann du sova so fast? Statt upp og ropa til guden din! Kann henda vil den guden tenkja på råd for oss, so me ikkje gjeng under.
7Og dei sa seg imillom: Kom, lat oss kasta lut, so me fær vita kven som er skuld i at denne ulukka hev kome yver oss! So kasta dei lut, og luten fall på Jonas.Jos 7,18; 1 Sam 14,42
8Då sa dei til han: Seg oss kven som er skuld i at denne ulukka hev kome yver oss! Kva er ærendi di, og kvar kjem du frå? Kva land er du frå, og kva folk høyrer du til?
9Han svara: Eg er hebrear, og eg ottast Herren, Gud i himmelen, han som hev skapt havet og det turre land.1 Mos 1,9-10
10Då vart mennene ovleg redde og sa til han: Kvifor hev du gjort dette? For dei visste at han flydde frå Herrens åsyn; det hadde han fortalt dei.
11Og dei sa til han: Kva skal me gjera med deg, so havet kann leggja seg for oss? For det vart meir og meir upprørt.
12Han svara: Tak meg og kasta meg i havet! so skal det stilna for dykk; for eg veit det er for mi skuld denne store stormen er komen yver dykk.
13Mennene freista no å ro attende til lands, men dei makta det ikkje; for sjøen bar meir og meir imot.Apg 27,39
14Då ropa dei til Herren og sa: Å Herre, lat oss ikkje ganga under for di denne mannen skal døy, og lat ikkje skuldlaust blod koma yver oss! For du, Herre, hev gjort som du vilde.
15So tok dei Jonas og kasta i sjøen; då heldt havet upp å rasa.Matt 8,26
16Og mennene fekk stor age for Herren, og dei ofra takkoffer til han og gjorde lovnader.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.