Nehemja 2 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Kong Artaxerxes går at Nehemias er sorgfull; han fær vita grunnen, gjev han lov til å fara til Jerusalem og byggja upp att murane og portane der og sender bred med han til embetsmennene åt kongen; uvenene åt jødane likar det ille at han kjem, 1-10. Han kjem til Jerusalem og gjeng um natti ut og ser på dei nedskrivne murane og portane; dagen etter tel han hovdingane åt folket til å byggja dei upp att; uvenene spottar dei, 11-20.

1Ein dag i nisan månad, i tjugande året av kongedømet åt Artaxerxes høvde det so at det var sett vin fram for kongen; eg tok og rette han vinen, og han hadde allstødt havt godvilje for meg.

2Då sa kongen til meg: Kvifor er du so sturen? Du er då ikkje sjuk; dette kann ikkje vera anna enn hjartesut. Då vart eg svært redd,

3og eg sa til kongen: Gjev kongen må leva æveleg! Lyt eg ikkje vera sturen når han ligg i øyde den byen som gøymer gravene åt fedrane mine, og portane der er uppbrende?

4Kongen sa: Kva er det då du ynskjer? Då bad eg til Gud i himmelen,

5og so sa eg til kongen: Um kongen so synest, og du hev godvilje for tenaren din, so bed eg at du vil lata meg få fara til Judalandet, til den byen der gravene åt federne mine er, so eg kann byggja han upp att.

6Då spurde kongen meg, medan dronningi sat innmed han: Kor lenge kjem ferdi di til å vara, og når kjem du att? Kongen tykte vel um saki og gav meg lov til å fara, då eg hadde nemnt ei viss tid for han.

7So sa eg til kongen: Um kongen so synest, so lat meg få brev med til landshovdingane på hi sida elvi at dei skal lata meg få fara igjenom landi sine, til eg kjem til Judalandet,

8like eins eit brev til Asaf - han som hev tilsyn med skogane åt kongen - at han skal gjeva meg bjelkar til å timbra upp att portane i den borgi som høyrer til templet, og portane i bymuren og til det huset eg skal bu i. Og kongen gav meg det; for min Gud heldt si gode hand yver meg.

9So kom eg til landshovdingane på hi sida elvi og flidde dei brevi frå kongen. Kongen hadde og sendt herhovdingar og hestfolk med meg.

10Men då Sanballat, horoniten, og Tobias, den ammonitiske tenestmannen, fekk spurt dette, tykte dei det var ovende harmeleg at det hadde kome ein som vilde stella det vel for Israels-borni.

11So kom eg til Jerusalem, og då eg hadde vore der tri dagar,

12tok eg ut um natti med nokre få menner; men eg hadde ikkje nemnt med noko menneske kva min Gud hadde gjeve meg i hugen å gjera for Jerusalem; kløvdyr hadde eg ikkje med meg anna det dyret eg reid på.

13Eg drog då um natti ut gjenom Dalporten og burtimot Drakekjelda og kom til Møkporten. Eg såg på Jerusalemsmurane som var nedrivne, og på portane som var uppbrende.

14So reid eg yver åt Kjeldeporten og til Kongedammen; men der var det ikkje råd for dyret å koma fram med meg.

15So tok eg same natti uppigjenom dalen og såg på muren, men snudde so um og kom attende gjenom Dalporten.

16Forstandarane visste ikkje kvar eg hadde vore, eller kva eg tok meg fyre; for eg hadde endå ikkje nemnt noko, korkje med jødane eller med prestane eller stormennene eller forstandarane eller dei andre som hadde med arbeidet å gjera.

17Men no sa eg til dei: De ser sjølve kor ille me er stelte - at Jerusalem ligg i øyde, og byportane er herja av elden. Kom, lat oss byggja upp att muren kring Jerusalem, so me ikkje lenger skal vera til spott og spe!

18Og eg fortalde dei korleis min Gud hadde halde si gode hand yver meg, og like eins kva kongen hadde sagt til meg. Då sa dei: Me vil ganga i veg og byggja. Og dei tok av all si makt på med det gode verket.

19Men då Sanballat, horoniten, og Tobias, den ammonitiske tenestmannen, og Gesem, arabaren, fekk spurt det, spotta dei oss og synte oss vanvyrdnad; dei sa: Kva er det de gjer der? Vil de gjera uppreist mot kongen?

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help