Ordtaka 24 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
Me skal ikkje hava noko samlag med ugudglege folk, med spottarar og dårar; dei gjer det som vondt er, og det gjeng dei ille, 1.2.8.9.15.16.19.20; um visdom og råd, 3-7.13.14; me skal ikkje missa modet på trengsledagen, men freista å berga skuldlause folk, 10-12; dei rettferdige hev motgang, men vert berga, 15.16; me skal ikkje gleda oss når fiendar fell, 17.18; me skal ottast Herren og kongen og ikkje hava samlag med folk som er utrue mot dei, 21.22; domar-skyldnad, 23-25; rett svar, 26; um å setja bu, 27; um rangt vitnemål, 28, hemnhug, 29, latskap, 30-34.
1Ovunda ikkje vonde menneske, og hav ikkje hug til å vera med dei!
19Harmast ikkje yver illgjerdsmenner, ovunda ikkje dei ugudlege!
23Desse ordtøki er og av vismenner: Det er ikkje rett når domaren gjer mannemun.