Job 21 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Job bed venene sine gauma vel på det han no vil segja til dei; han vil leggja fram for dei noko som vil gjera dei fælne og få dei til å halda upp med å rekna han for ein ugudleg mann og hæda han for skuld ulukka hans, noko som han sjølv ikkje kann tenkja på utan redsla, 1-6. Kva kjem det av at dei ugudlege so tidt lever i herlegdom og gleda all sin dag og til sist fær ein lett daude, 7-15? Vil venene leggja imot og segja at dei ugudlege like vel ikkje råder yver lukka si, so lyt han svara at det hender sjeldan dei gjeng til grunns, 16-18. Vil dei framleides koma med det motlegget at Gud i alle høve straffar syndi åt dei ugudlege på borni deira, so lyt han svara at straffi burde råma dei sjølve; for dei bryr seg ikkje um korleis det gjeng med borni deira, 19-21. Alle som ikkje vil vera klokare enn Gud, lyt ganga ved at den eine av tvo menneske, den ugudlege, tidt lever lukkeleg til sin døyande dag, medan den andre, den gudlege, aldri hev note nokor lukka, og at båe fær same lagnaden når dei døyr, 22-26. Venene vil plent hava det til at Job er ugudleg; difor segjer dei mot all røynsla at den vonde alltid gjeng til grunns; men det er tvert imot so at han ofte vert spard på ulukkedagen, og ingen vågar å minna han um urettferdi hans; jamvel i dauden viser folk han æra, og han fær kvila søtt i si grav, 27-33. Difor er ordi åt venene tome for trøyst og sviksame, 34.

1Då tok Job til ords og sa:

2Høyr vel på det eg no vil segja, og lat det vera trøysti som de gjev meg!

3De lyt tola meg, so eg fær tala; når eg hev tala, kann du spotta.

4Er det eit menneske mi klaga gjeld? Eller kvi skulde ikkje åndi i meg verta utolmodig?

5Vend dykk til meg og vert forfærde, so de lyt leggja hand på munn!

23Den eine døyr midt i si velmakt, fullkomleg trygg og ottelaus;

24hans fat var fulle utav mjølk, og mergen i hans bein var saftfull.

25Den andre døyr med sorg i hjarta, hev aldri note nokor lukka.

26So ligg dei båe nedi moldi, og makk er deira yverbreidsla.Fork 9,2-3; Jes 14,11

27Sjå, dykkar tankar kjenner eg, og dei meinråder de vil slå meg ned med;

28for de segjer; Kvar er huset åt valdsherren, og kvar er tjeldet dei gudlause bur i?

29Hev de då aldri spurt vidfarne folk? Og deira vitnemål vil de vel ikkje vraka:

30Den vonde han vert spard den dag ulukka kjem, på vreide-dagen vert han berga undan.

31Kven held hans ferd uppunder augo på han? Kven gjev han lika for hans gjerning?

32Til gravi ber dei han med æra, og ved hans gravhaug held dei vakt.

33Søtt fær han kvila under torv i dalen; i faret hans fer alle menneske, og tallause hev gjenge fyre han.

34Korleis kann de då bjoda meg so tom ei trøyst? Av svaret dykkar vert det berre sviket att.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help