Jeremia 1 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Jeremias, som var profet frå trettande styringsåret åt kong Josias til slutten av styringstidi åt kong Sedekias, 1-3, fortel korleis Herren kalla han til profet for Israel og heidningefolki og styrkte han til gjerningi, 4-10. Med tvo syner forkynner Herren han at han vil vaka etter so hans ord vert uppfyllt, og straffa Israel for avgudsdyrkingi ved fiendar nordanfrå (kaldearane), 11-16. Herren byd at han skal forkynna hans ord utan otte, og lovar at han vil gjeva han kraft til å standa seg mot alle sine motstandarar, 17-19.

1Ord av Jeremias Hilkiasson, ein av prestane i Anatot i Benjaminslandet.

12Då sa Herren til meg: Gløgt såg du no; for vaka vil eg yver mitt ord, so eg set det i verk.

13So kom Herrens ord til meg andre gongen: Kva ser du? Eg svara: Ei kokande gryta ser eg; og nordantil snur ho seg hit.

14Då sa Herren til meg: Nordantil kjem ulukka sendande yver alle som bur i landet.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help