4. Mosebok 26 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Herren set Moses og Aron til å telja Israels-borni ein gong til, 1-51. Kana'ans-landet skal skiftast millom dei med lutkasting, 52-56. Levitane vert talde for seg, 57-62. Berre Josva og Kaleb er no att av dei som vart mynstra fyrre gongen, 63-65.

1Då sotti var yver, tala Herren so til Moses og Eleasar, son åt Aron, presten:

2Tak tal på heile Israels-lyden, ættegrein for ættegrein, alle dei våpnføre i Israel som hev fyllt tjuge år!

3So tala Moses og Eleasar, presten, til dei på Moabmoane ved Jordan, midt for Jeriko, og sa:

4Alle menner som hev fyllt tjuge år, skal teljast - soleis som Herren hadde sagt til Moses og Israels-borni, dei som hadde fare frå Egyptarland.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help