1Og Herrens ord kom til meg; det lydde so;
2Menneskeson! Vend di åsyn mot Israelsfjelli og spå mot deiEsek 36,1
3og seg: De Israelsfjell, høyr ordi frå Herren, Israels Gud! So segjer Herren, Israels Gud, til fjelli og haugane, til bekkene og dalane: Sjå, eg let sverd koma yver dykk og øyder offerhaugane dykkar.
4Altari dykkar skal verta lagde i øyde, og solstolpane dykkar sundkrasa, og dei av dykk som vert drepne, vil eg lata falla framfor augo på dei ufysne avgudane dykkar.3 Mos 26,30
5Og eg vil leggja liki av Israels-borni framfor augo på dykkar ufysne avgudar og strå beini dykkar rundt ikring altari dykkar.
6Kvar de so bur, skal byane verta lagde i øyde og offerhaugane verta aude, so altari dykkar kann verta øydelagde og aude, og dei ufysne avgudane dykkar sundkrasa og upp i inkje, og solstolpane dykkar nedhogne, og verki dykkar utstrokne;
7drepne menner skal falla midt ibland dykk, og de skal sanna at eg er Herren.
8Men eg vil lata ein leivning vera att, so sume av dykk slepp undan sverdet ute millom folkeslagi, når de vert spreidde kringum i landi.
9Og dei av dykk som slepp undan, skal koma meg i hug ute millom folki, der dei er fangar, når eg hev knasa deira utrue hjarto som veik ifrå meg, og deira augo som i utruskap fylgde dei ufysne avgudane deira; og dei skal styggjast ved seg sjølve for det vonde dei hev gjort - for all styggedomen sin,3 Mos 26,39-46
10og skal dei sanna at eg er Herren. Det er ikkje for inkje eg hev tala um å senda denne ulukka på dei.
11So segjer Herren, Israels Gud: Slå hendene i hop og trappa med foten og eia deg yver all den vonde styggedomen i Israels-lyden; for dei skal falla for sverd og svolt og sott.Esek 5,17; 14,21
12Den so er langt burte, skal døy av sotti, og den som er nær, skal fall for sverdet, og den som er att og er berga, skal døy av svolten, og eg vil renna ut all min harm yver dei.Jer 24,10; Esek 7,15; 33,27
13De skal sanna et eg er Herren, når deira drepne menner ligg midt imillom deira ufysne avgudar, rundt ikring altari deira, på kvar ein høg haug, på alle fjelltoppane og under kvart eit grønt tre og kvar ei lauvrik terebinta, alle stader der dei lét godange stiga upp til alle dei ufysne avgudane sine.Esek 6,4-5; 1 Kong 14,23; 2 Kong 16,4; Jer 2,20; 3,6; Hos 4,13
14Og eg vil retta ut handi mi mot dei og gjera landet til audn og øyda - verre enn Diblaøydemarki - kvar dei so bur, og dei skal sanna at eg er Herren.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.