1
og dei skal vera hans folk,
og Gud sjølv skal vera hos dei.
Han skal vera deira Gud.
4
og døden skal ikkje vera meir,
og ikkje sorg og ikkje skrik og ikkje pine.
For det som ein gong var, er borte.»
5 Så sa han til meg: «Det har hendt! Eg er Alfa og Omega, opphavet og enden. Eg vil gje den tørste å drikka av kjelda med livsens vatn som gåve.
7Byen var bygd som ein firkant, like lang som brei. Og engelen målte byen med målestonga: Han var 12 000 stadiar lang og like brei og høg.
17Så målte han bymuren: Han var 144 alner høg etter menneskemål, som òg er englemål.
18Muren var bygd av jaspis, og sjølve byen var av reint gull, lik det klåraste glas.
192 Mos 28,15–21; Jes 54,11fGrunnsteinane i bymuren var prydde med edelsteinar av alle slag. Den første grunnsteinen var av jaspis, den andre av safir, den tredje av kalsedon, den fjerde av smaragd,
20den femte av sardonyks, den sjette av karneol, den sjuande av krysolitt, den åttande av beryll, den niande av topas, den tiande av krysopras, den ellevte av hyasint, den tolvte av ametyst.
21Dei tolv portane var tolv perler; kvar port var laga av ei einaste perle. Gata gjennom byen var av reint gull, klår som glas.
22Noko tempel såg eg ikkje i byen, for Herren Gud, Den allmektige, og Lammet er tempel der.
23Jes 60,19fOg byen treng ikkje lys frå sol eller måne, for Guds herlegdom lyser over han, og Lammet er lyset hans.
24Jes 60,1ffFolkeslaga skal vandra i lyset frå byen, og kongane på jorda skal koma dit med alle rikdomane sine.
25Jes 60,11; Op 22,5Byportane skal aldri stengjast etter dagen, for natt skal ikkje vera der.
26Og alt det verdfulle og herlege som folka eig, skal dei føra inn i byen.
27Jes 52,1; Op 3,5+Men noko ureint skal aldri koma inn i han, ingen som gjer motbydelege ting eller fer med løgn, men berre dei som er oppskrivne i livsens bok hos Lammet.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.