1 For mor deira dreiv hor,
ho som fødde dei, førte skam over seg sjølv.
Ho sa: «Eg vil gå etter elskarane mine,
dei som gjev meg brød og vatn,
ull og lin, olje og vin.»
6 Ho skjøna ikkje at det var eg
som gav henne korn, ny vin og fin olje
og mengder av sølv og gull,
som dei brukte til Baal.
9Difor vil eg ta att
kornet mitt når tida er inne,
den nye vinen når tida kjem.
Eg vil ta bort ulla mi og linet mitt,
som skulle løyna hennar nakne kropp.
10No vil eg visa fram kjønnet hennar
for auga på elskarane hennar,
og ingen skal berga henne ut av mi hand.
11 Eg gjer ende på all hennar glede,
festane, nymånedagane og sabbatsdagane,
alle høgtidene hennar.
12 Der vil eg gje henne vingardane tilbake, og Akor-dalen skal bli ein port til von. Der skal ho svara som i ungdomsdagane, som då ho drog opp frå Egypt.
16Og den dagen, seier Herren, skal ho kalla meg «Min mann». Ho skal ikkje lenger kalla meg «Min Baal».
17Jorda skal svara kornet, den nye vinen og den fine oljen, og dei skal svara Jisreel.
23 Eg vil så henne ut i landet mitt og miskunna meg over Lo Ruhamá. Til Lo Ammí vil eg seia: «Du er mitt folk.» Og han skal svara: «Min Gud!»
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.