1Sjå, det kjem ein Herrens dag. Då skal dei dela krigsbyttet dei røva hos deg.
2Eg vil samla alle folkeslaga til krig mot Jerusalem. Byen skal bli teken, husa plyndra og kvinnene valdtekne. Halve byen må gå i eksil, men resten av folket skal ikkje ryddast ut frå byen.
3 Då skal de rømma gjennom fjelldalen min, for dalen mellom fjella skal nå heilt til Asal. De skal rømma slik de rømde for jordskjelvet i dei dagane då Ussia var konge i Juda. Då skal Herren min Gud koma, og alle dei heilage med han.
6 Den dagen skal det ikkje vera lys, berre kulde og frost.
7Det skal vera éin lang dag – Herren kjenner han – ikkje dag og natt, ved kveldstid skal det vera lyst.
8Heile landet skal bli som Araba-sletta, frå Geba til Rimmon, sør for Jerusalem. Men byen skal liggja høgt på sin stad, frå Benjamin-porten til den staden der Gamleporten var, til Hjørneporten, frå Hananel-tårnet til kongens vinpresser.
11Jer 33,16; Op 22,3Der skal det bu folk. Byen skal ikkje vera bannlyst meir. Jerusalem skal liggja trygt.
12 Jes 66,24; Esek 39,17ff Dette er den plaga Herren lèt råka alle dei folka om dei går til krig mot Jerusalem:
Han skal la kjøtet rotna på dei
medan dei enno står på føtene.
Auga skal rotna i hòlene sine
og tunga rotna i munnen på dei.
13Den dagen kjem det ei stor Herrens forvirring over dei, så dei grip fatt i kvarandre og slåst mann mot mann.
14Også Juda skal strida mot Jerusalem. – Rikdomen frå alle folkeslaga omkring skal samlast inn, gull og sølv og klede i store mengder. –
15Den same plaga skal råka hesten, muldyret, kamelen, eselet og alle andre dyr som er i leirane.
16 3 Mos 23,34ff Då skal dei som blir att av alle folkeslaga som kom mot Jerusalem, år etter år fara opp for å tilbe kongen, Herren over hærskarane, og feira lauvhyttefesten.
17Om nokon av slektene på jorda ikkje fer opp til Jerusalem for å tilbe kongen, Herren over hærskarane, skal regnet ikkje falla over dei.
18Det skal heller ikkje falla over egyptarane om dei ikkje fer opp og ikkje kjem. Dei skal råkast av same plaga som Herren lèt råka dei folkeslaga som ikkje fer opp for å feira lauvhyttefesten.
19Dette skal vera straffa for Egypt og alle folkeslaga som ikkje fer opp for å feira lauvhyttefesten.
20 2 Mos 28,36 Den dagen skal det stå «Helga til Herren» på bjøllene til hestane, og grytene i Herrens hus skal vera som offerskålene framfor altaret.
21Jes 35,8; Joel 3,22; Sak 9,7; 11,7.11; Matt 21,12f; Op 21,27Då skal alle grytene i Jerusalem og Juda vera helga til Herren over hærskarane. Og alle som ofrar, skal koma og ta av dei og koka i dei. Den dagen skal det ikkje lenger vera nokon som driv handel i huset til Herren over hærskarane.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.