1Når de kastar lodd og skifter ut landet, skal de setja av eit tjuefem tusen alner langt og tjue tusen alner breitt stykke som heilag gåve til Herren. Det skal vera heilagt så langt det strekkjer seg.
2Ein efa og ein bat skal ha same mål, så både ein bat og ein efa er tiandedelen av ein homer. Målet skal retta seg etter homeren.
12Ein sjekel skal vera tjue gera. Fem sjekel skal vera fem sjekel, og ti sjekel skal vera ti, og femti sjekel skal de rekna for ei mine.
13Dette er offergåva de skal gje: ein sjettedels efa av kvar homer kveite og ein sjettedels efa av kvar homer bygg.
14Forskrifta for olje som blir målt i bat, er ein tiandedels bat av kvar kor. Det er altså ti bat i ein kor.
15Av småfeet skal de gje eitt lam for kvar to hundre frå dei saftige beita i Israel. Dei skal vera til grødeoffer, brennoffer og fredsoffer, til soning for folket, seier Herren Gud.
16Heile folket i landet må vera med på å gje fyrsten i Israel denne gåva.
17Fyrsten har ansvar for brennoffer, grødeoffer og drikkoffer på festane, nymånedagane og sabbatane, på alle høgtidsdagane i Israels hus. Han skal syta for syndoffer, grødeoffer, brennoffer og fredsoffer til soning for Israels hus.
Påske18Så seier Herren Gud: Den første dagen i den første månaden skal du ta ein ungokse utan feil. Slik skal du ta bort synd frå heilagdomen.
19Presten skal ta noko av blodet frå syndofferdyret og stryka det på dørstolpane i tempelet, på dei fire hjørna av altaravsatsen og på dørstolpane i porten til den indre føregarden.
20Som grødeoffer skal han bera fram ein efa mjøl til kvar okse, ein efa til kvar vêr og ein hin olje til kvar efa.
25Også under festen på den femtande dagen i den sjuande månaden skal han bera fram syndoffer og brennoffer, grødeoffer og olje, slik som på dei andre sju dagane.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.