1 Då gav dei Jakob alle dei framande gudane dei hadde hos seg, og ringane som dei hadde i øyra, og Jakob gøymde alt under eika som står ved Sikem.
5Der bygde han eit altar og kalla staden El-Betel, for der hadde Gud openberra seg for han då han rømde frå bror sin.
8Så tok dei ut frå Betel. Då dei endå hadde eit stykke att til Efrat, fødde Rakel eit barn. Det var ein hard fødsel.
17Medan ho låg i harde fødselsrier, sa jordmora til henne: «Ver ikkje redd! For også denne gongen får du ein son.»
18Ho var i ferd med å døy, og idet livet ebba ut, gav ho han namnet Ben-Oni. Men faren kalla han Benjamin.
19Så drog Israel vidare og slo opp teltet sitt bortanfor Migdal-Eder.
22Jakob kom til Isak, far sin, i Mamre ved Kirjat-Arba, det er Hebron, der Abraham og Isak hadde halde til.
28Isak levde i 180 år.
29Så anda Isak ut og døydde. Han vart sameina med folket sitt, gammal og mett av dagar. Sønene hans, Esau og Jakob, gravla han.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.