1Gullet har mista sin glans,
det fine gullet er forandra!
Dei heilage steinane ligg strødde
på alle gatehjørne.
Betב2Sions utvalde søner,
verde si vekt i gull,
blir rekna som leirkar,
eit verk av pottemakarhand!
Gimelג3 Jamvel sjakalar held spenane fram,
dei lèt ungane suga.
Men folket, mi dotter, har vorte hjartelaust
som strutsen i ørkenen.
Daletד4 Vi held ut, auga blir såre,
vi ser fåfengt etter hjelp.
Vi har stått på vakt og speida
etter eit folk som ikkje kunne hjelpa.
Tsadeצ18Dei vakta kvart steg vi tok,
vi kunne ikkje gå på gatene våre.
Enden var nær, vår tid var ute,
ja, enden var komen.
Qofק19Dei som jaga oss, var snarare
enn ørnane under himmelen.
Over fjella forfølgde dei oss,
i ørkenen låg dei og lurte på oss.
Resjר20 Herrens salva, vår pust,
vart fanga i gravene deira.
Det var om han vi sa:
«I hans skugge skal vi leva mellom folka.»
Sjinש21 Fryd og gled deg, dotter Edom,
du som bur i landet Us.
Men begeret kjem til deg òg,
du skal bli full og kle deg naken.
Tawת22 Jes 40,2 Di skuld er betalt, dotter Sion,
aldri meir vil han føra deg bort.
Men di skuld, dotter Edom, straffar han deg for,
dine synder viser han fram.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.