1 Adoni-Sedek, kongen i Jerusalem, fekk høyra at Josva hadde teke Ai og slege byen med bann, at han hadde gjort det same med Ai og kongen der som han hadde gjort med Jeriko og kongen der, og at innbyggjarane i Gibeon hadde slutta fred med israelittane og budde midt iblant dei.
2Då vart han livande redd. For Gibeon var ein stor by, like stor som ein av kongebyane, større enn Ai, og alle mennene der var modige krigarar.
3Adoni-Sedek, kongen i Jerusalem, sende difor bod til Hoham, kongen i Hebron, til Piram, kongen i Jarmut, til Jafia, kongen i Lakisj, og til Debir, kongen i Eglon, og sa:
4«Kom opp og hjelp meg så vi kan slå Gibeon. For dei har slutta fred med Josva og israelittane.»
5Dei fem amorittkongane, kongane i Jerusalem, Hebron, Jarmut, Lakisj og Eglon, samla seg då og drog dit opp med hærane sine. Dei kringsette Gibeon og gjekk til åtak på byen.
6Då sende mennene i Gibeon bod til Josva i leiren ved Gilgal og sa: «Slå ikkje handa av tenarane dine! Skund deg opp, berg oss og hjelp oss! For alle amorittkongane som bur i fjellandet, har slege seg saman mot oss.»
7Josva drog då opp frå Gilgal med heile hæren, alle dei modige krigarane.
8 Josva tok alt landet frå Kadesj-Barnea til Gaza og heile Gosen-landet til Gibeon.
42I eitt og same felttog slo han alle kongane der og tok landet deira. For Herren, Israels Gud, kjempa for Israel.
43Så vende Josva med heile Israel attende til leiren ved Gilgal.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.