Jesaja 49 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Herrens tenar vitnar om kallet sitt

1 Sjå, frå det fjerne kjem dei,

somme frå nord og frå vest

og somme frå Sinim-landet.

13 Sal 96,11ff; Jes 44,23 Jubla, du himmel, og gled deg, du jord,

bryt ut i jubel, de fjell!

For Herren trøystar sitt folk

og viser miskunn mot sine hjelpelause.

Herren gløymer ikkje Sion

14 Sal 13,2; 42,10; Jes 60,15; 62,4; Jer 8,19ff Sion seier: «Herren har forlate meg,

Herren har gløymt meg.»

15 1 Kong 3,26; Sal 9,13; Jer 31,20 Kan ei kvinne gløyma sitt diande barn,

ei omsorgsfull mor det barnet ho bar?

Sjølv om dei skulle gløyma,

skal ikkje eg gløyma deg.

16Sjå, eg har teikna deg i hendene mine,

murane dine er alltid framfor meg.

17Dei som skal byggja deg, kjem springande,

dei som la deg i ruinar og grus, dreg bort frå deg.

18 60,4 Lyft auga og sjå deg ikring!

Alle samlar seg og kjem til deg.

Så sant eg lever,

seier Herren:

Du skal ta dei alle på deg som eit smykke,

som ei brur skal du binda dei om deg.

19Ja, dine ruinar og aude stader

og landet som ligg i grus,

no blir det for trongt for dei som bur der.

Langt borte er dei som vil sluka deg.

20 54,1ff Endå ein gong skal øyret ditt høyra

at borna du fekk i di barnløyse, seier:

«Denne staden er trong for meg.

Gjev plass, så eg kan bu her!»

21Då skal du seia i hjartet ditt:

«Kven har fødd meg desse?

Eg var barnlaus og ikkje fruktbar,

landlyst og fordriven.

Kven har fostra desse?

Sjå, eg var forlaten og åleine.

Kvar kjem desse frå?»

22 13,2; 18,3; 62,10 Så seier Herren Gud:

Sjå, eg lyfter handa for folkeslag

og reiser mitt banner for folka.

Dei kjem med sønene dine på armen,

og døtrene dine ber dei på skuldrene.

23 Sal 25,3; 72,9; Jes 60,14; Mi 7,17 Kongar skal vera fosterfedrar for deg

og dronningar ammene dine.

Dei skal kasta seg ned for deg

med andletet mot jorda

og slikka støvet for føtene dine.

Då skal du kjenna at eg er Herren.

Dei som set si von til meg,

skal ikkje bli til skamme.

24Kan byttet takast frå ein krigar,

kan fangar bergast frå ein valdsmann?

25 Sal 35,1; Jer 31,11; Luk 11,22 Ja, så seier Herren:

Fangar skal takast frå krigaren,

og byttet skal bergast frå valdsmannen.

Eg vil strida mot dei som strider mot deg,

og borna dine vil eg frelsa.

26 37,20; 60,16 Dei som var harde mot deg,

lèt eg eta sitt eige kjøt

og rusa seg på sitt eige blod som på druesaft.

Og alle menneske skal kjenna

at eg er Herren, som frelser deg,

Jakobs Mektige, som løyser deg ut.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help