Lukas 1 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Føreordet frå evangelisten

1 Mange har alt prøvd å gje ei framstilling av det som har vorte oppfylt blant oss,

2No har eg òg sett meg føre å skriva det ned for deg i samanheng, vørde Teofilos, etter å ha granska alt vel frå først av,

4så du kan sjå at det er påliteleg, det du er opplært i.

Barndomen til døyparen Johannes og Jesus(1,5–2,40)Døyparen Johannes skal bli fødd

5 I dei dagane då Herodes var konge i Judea, var det i Abias vaktskift ein prest som heitte Sakarja. Kona hans var òg av Aronsætta og heitte Elisabet.

6Begge var rettferdige for Gud og levde uklanderleg etter alle Herrens bod og forskrifter.

7Dei var barnlause, for Elisabet kunne ikkje få born, og no var dei begge langt oppi åra.

8Ein dag gjorde Sakarja presteteneste for Gud, for turen var komen til hans vaktskift.

9Dei kasta lodd, som skikken var blant prestane, og det fall på Sakarja å gå inn i Herrens tempel og brenna røykjelse på altaret.

10Medan offeret vart bore fram, stod heile folkemengda utanfor og bad.

11Då synte ein Herrens engel seg for han på høgre sida av røykjelsesaltaret.

12Sakarja vart slegen av redsle då han såg dette.

13Men engelen sa til han:

«Ver ikkje redd, Sakarja!

Bøna di har vorte høyrd.

Elisabet, kona di, skal føda deg ein son,

og du skal gje han namnet Johannes.

14Han skal bli til glede og fryd for deg,

og mange skal gleda seg fordi han er fødd.

15

og heilt frå mors liv skal han vera fylt av Den heilage ande.

16Han skal få mange i Israel til å venda om til Herren, deira Gud.

17 Han skal gå føre Herren

med same ånd og kraft som Elia hadde,

for å venda fedrehjarta til borna

og gje ulydige det sinn som rettferdige har,

for å gjera i stand for Herren eit folk som er vel førebudd.»

18 «Dette har Herren gjort for meg», sa ho. «No har han sett til meg og teke bort mi vanære blant folk.»

Bodskapen til Maria

26Men då Elisabet var i sjette månaden, vart engelen Gabriel send frå Gud til ein by i Galilea som heitte Nasaret,

27til ei jomfru som var lova bort til Josef, ein mann av Davids ætt. Namnet hennar var Maria.

28Engelen kom inn til henne og sa: «Ver helsa, du som har fått nåde! Herren er med deg!»

29Ved desse orda vart ho forskrekka og undrast på kva denne helsinga skulle tyda.

30Men engelen sa til henne:

«Ver ikkje redd, Maria! For du har funne nåde hos Gud.

31 Høyr! Du skal bli med barn og få ein son,

og du skal gje han namnet Jesus.

32 Han skal vera konge over Jakobs hus til evig tid,

og det skal ikkje vera ende på kongedømet hans.»

34Maria sa til engelen: «Korleis skal dette gå til når eg ikkje har vore saman med nokon mann?»

35Han gjorde storverk med sin sterke arm;

han spreidde dei som bar hovmodstankar i hjartet.

52 Den åttande dagen kom dei og skulle omskjera guten. Dei ville kalla han Sakarja etter faren,

60Alle som høyrde det, tok det til hjartet og spurde: «Kva skal det vel bli av dette barnet?» Og Herrens hand var med han.

67Sakarja, far hans, vart fylt av Den heilage ande. Han tala profetisk og sa:

Sakarjas lovsong

68 Han har reist for oss eit horn til frelse

i sin tenar Davids hus,

70 Jer 23,5f så som han lova frå gammal tid

ved munnen til sine heilage profetar:

71 Sal 106,10 å frelsa oss frå våre fiendar

og frå handa åt alle dei som hatar oss.

72 Sal 105,8f; 106,45f Han viste miskunn mot våre fedrar

og kom i hug den heilage pakta,

73 1 Mos 22,16ff den eid han gav som lovnad

til Abraham, vår far,

74så vi, frelste frå fiendehand og utan otte,

kan tena han for hans andlet

75i reinleik og rettferd alle våre dagar.

76 Jes 40,3; Mal 3,1; Joh 1,23 Og du, barn, skal kallast profet for Den høgste,

for du skal gå fram føre Herren og rydda hans vegar

77 3,3 og læra folket hans å kjenna frelsa når deira synder blir tilgjevne,

78 Mal 4,2 for vår Gud er rik på miskunn.

Slik skal lyset frå det høge

gjesta oss som ein soloppgang

79 Jes 9,2; 58,8; 60,1f; Matt 4,16 og skina for dei som bur i mørker og dødens skugge,

og styra våre føter inn på fredens veg.»

80 3,1ff Og guten voks og vart sterk i ånda. Han heldt seg i øydemarka til den dagen han skulle stiga fram for Israel.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help