1 Alle tollarane og syndarane heldt seg nær ved Jesus og høyrde på han.
2Eller om ei kvinne har ti sølvpengar og mistar éin, tenner ho ikkje då ei lampe og sopar heile huset og leitar vel til ho finn han?
9Og når ho har funne han, kallar ho saman veninner og nabokoner og seier: ‘Gled dykk med meg! Eg har funne att det pengestykket eg hadde mista.’
10På same måten, seier eg dykk, blir det glede mellom Guds englar over éin syndar som vender om.»
Sonen som kom heim11Jesus sa: «Ein mann hadde to søner.
12Den yngste sa til far sin: ‘Far, lat meg få den delen av formuen som fell på meg.’ Så skifte han eigedomen sin mellom dei.
13Ikkje mange dagane etter selde den yngste sonen alt det han eigde, og drog til eit land langt borte. Der levde han eit vilt liv og sløste bort formuen sin.
14Då han hadde sett alt over styr, vart det uår og svolt i landet, og han tok til å lida naud.
15Han gjekk då til ein av mennene der i landet og bad om arbeid, og mannen sende han ut på markene sine for å gjeta grisene.
16Han ønskte berre å få metta seg med dei belgfruktene som grisene åt, men ingen gav han noko.
17Då gjekk han i seg sjølv og sa: ‘Kor mange leigekarar heime hos far min har ikkje fullt opp av mat, og her går eg og svelt i hel!
18Eg vil bryta opp og gå heim til far min og seia: Far, eg har synda mot Himmelen og mot deg.
19Eg er ikkje verd å kallast son din lenger. Men lat meg få vera som ein av leigekarane dine.’
20Så braut han opp og gjekk heim til far sin.
Medan han endå var langt borte, fekk faren sjå han, og han fekk inderleg medkjensle med han. Han sprang imot han, kasta seg om halsen på han og kyste han.
21Då sa sonen: ‘Far, eg har synda mot Himmelen og mot deg. Eg er ikkje verd å kallast son din lenger.’
22Men faren sa til tenarane: ‘Skund dykk! Finn fram dei beste kleda og ha dei på han, og lat han få ring på fingeren og skor på føtene.
23Hent så gjøkalven og slakt han, og lat oss halda måltid og feira.
24Ef 2,1.5For denne sonen min var død og har vorte levande, han var bortkomen og er attfunnen.’ Og så tok festen og gleda til.
25Den eldste sonen var ute på marka. Då han gjekk heimover og nærma seg garden, høyrde han spel og dans.
26Han ropa på ein av karane og spurde kva som stod på.
27‘Bror din er komen’, svara han, ‘og far din har slakta gjøkalven fordi han fekk han velberga heim att.’
28Då vart han sint og ville ikkje gå inn. Far hans kom ut og prøvde å overtala han.
29Men han svara attende: ‘No har eg tent deg i alle år og aldri sett meg opp mot dine bod. Men meg har du ikkje gjeve så mykje som eit kje, så eg kunne halda fest saman med venene mine.
30Men når han kjem heim, denne son din som har sløst bort pengane dine i lag med horer, då slaktar du gjøkalven for han!’
31Då sa far hans: ‘Du er alltid hos meg, barnet mitt, og alt mitt er ditt.
32Men no må vi halda fest og vera glade. For denne bror din var død og har vorte levande, han var bortkomen og er attfunnen.’»
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.