2. Krønikebok 14 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Kong Asa i Juda

1 Ein gong drog kusjitten Serah ut mot judearane med ein hær på tusen gonger tusen mann og tre hundre stridsvogner. Då han var komen så langt som til Maresja,

10drog Asa ut mot han. Dei stilte seg opp til kamp i Sefata-dalen nær Maresja.

111 Sam 14,6Då ropa Asa til Herren sin Gud og sa: «Herre, berre du kan hjelpa i kampen mellom den som er sterk og den som er svak. Hjelp oss, Herre, vår Gud! For vi set vår lit til deg, og i ditt namn har vi gått mot denne veldige styrken. Herre, du er vår Gud. Ikkje noko menneske kan stå seg mot deg!»

12Då lét Herren kusjittane lida nederlag for Asa og judearane, og kusjittane rømde.

13Asa og folket som var med han, forfølgde dei heilt til Gerar, og kusjittane fall til siste mann. Dei vart knuste av Herren og hans hær, og judearane tok eit overlag stort bytte.

1417,10Dei tok alle byane kring Gerar, for ei redsle for Herren var komen over folket der. Dei plyndra alle desse byane, for der var det mykje å plyndra.

15Dei gjekk òg til åtak på gjetartelta og førte bort ei mengd med sauer og kamelar. Så drog dei tilbake til Jerusalem.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help