Johannes' openberring 13 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Draken og dei to dyra

1 Folk tilbad draken fordi han hadde gjeve dyret makt, og dei tilbad dyret og sa: «Kven er som dyret, og kven kan strida mot det?»

5

Den som skal drepast med sverd, må døy for sverd.

Her må dei heilage halda ut og ha tru.

11 Matt 7,15; Op 13,16; 19,20; 20,10 Og eg såg eit anna dyr stiga opp av jorda. Det hadde to horn som eit lam, men tala som ein drake.

12All den makt det første dyret har, bruker det andre dyret i teneste for det første. Det får heile jorda og dei som bur der, til å tilbe det første dyret – det som hadde fått banesåret sitt lækt.

13Matt 24,24; 2 Tess 2,9fDet gjer store teikn, så det endå lèt eld frå himmelen fara ned på jorda midt for auga på folk.

14Det forfører dei som bur på jorda, med dei teikn det har fått makt til å gjera i teneste for dyret. Og det seier til folka på jorda at dei skal laga ei biletstøtte til ære for dyret – det som vart såra med sverd, men livna til att.

15 Dan 3,5f Det fekk makt til å blåsa liv i biletet av dyret, så det jamvel kunne tala, og til å få drepe alle dei som ikkje ville tilbe biletet av dyret.

1614,9.11; 16,2; 19,20; 20,4Dyret tvingar alle, små og store, rike og fattige, frie og slavar, til å ha eit merke på høgre handa eller på panna.

17Og ingen kan kjøpa eller selja noko utan å ha dette merket: namnet på dyret eller det talet som svarar til namnet.

18 17,9 Her gjeld det å ha visdom. Lat den som har forstand, rekna ut talet for dyret! For det er talet for eit menneske, og talet er 666.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help