4. Mosebok 36 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Lov om arv og ekteskap for døtrer

1 Når frigjevingsåret kjem hos israelittane, blir arven til døtrene lagd til eigedomen i den stammen dei høyrer til. Han blir teken frå den eigedomen som stammen til fedrane våre fekk.

5Då påla Moses israelittane dette, på Herrens ord: «Det er rett det som Josef-stammen seier.

6Dette er det påbodet Herren gjev døtrene til Selofhad: Dei kan gifta seg med den dei sjølve synest om, berre dei gifter seg inn i ei slekt som kjem frå stammen til deira eigne fedrar.

7Ingen eigedom hos israelittane skal gå over frå ein stamme til ein annan. Kvar israelitt skal halda fast på arven frå stammen til fedrane sine.

8Ei dotter som arvar jord i ein av Israel-stammane, må gifta seg inn i ei slekt som kjem frå stammen til hennar eigen far. Slik skal alle israelittar arva jord etter fedrane sine.

9Såleis skal ingen eigedom gå over frå ein stamme til ein annan. For kvar stamme i Israel skal halda fast på sin arv.»

10Døtrene til Selofhad gjorde som Herren hadde pålagt Moses.

11Mahla, Tirsa, Hogla, Milka og Noa, alle døtrene til Selofhad, gifte seg med syskenborna sine.

12Dei fekk menn frå slektene etter Manasse, son til Josef. Slik kom eigedomen deira til å følgja den stammen og den slekta fedrane deira høyrde til.

13Dette er dei bod og forskrifter som Herren påla israelittane gjennom Moses på slettene i Moab, ved Jordan, midt for Jeriko.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help