Apostelgjerningane 24 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Saka mot Paulus

1 Det har vist seg at denne mannen er ein rein pest. Han skaper uro mellom alle jødar i heile verda og er førar for nasarearsekta.

6Han har til og med freista å vanhelga tempelet, og det var der vi greip han. °Vi ville dømma han etter lova vår,

7men då kom kommandanten Lysias til, tok han med vald og makt ut av hendene våre og førte han bort.

8Dei som klaga på han, fekk høyra at dei skulle gå til deg.• No kan du sjølv forhøyra han om alt dette, så får du greie på kva det er vi klagar han for.»

9Jødane støtta han og sa at såleis var det.

Forsvarstalen til Paulus

10Då gav landshovdingen eit teikn til Paulus, som tok ordet og sa:

«Eg veit at du har vore dommar for dette folket i mange år. Difor er det med frimod eg forsvarar meg.

11Etter mange år kom eg for å gje ei gåve til dei fattige i folket mitt og for å ofra.

18Feliks hadde god kjennskap til Vegen. Han utsette saka og sa: «Når kommandanten Lysias kjem, skal eg ta saka opp til doms.»

23Nokre dagar seinare kom Feliks, i lag med Drusilla, kona si, som var jøde. Han sende bod etter Paulus og høyrde på medan han tala om trua på Jesus Kristus.

25Men då han tala om rettferd og sjølvdisiplin og om dommen som skal koma, vart Feliks skremd og sa: «Det er nok for i dag. Gå no! Når eg får tid, skal eg kalla deg hit att.»

26Feliks gjorde seg òg håp om å få pengar av Paulus. Difor sende han gong på gong bod etter han og samtala med han.

27 Så gjekk det to år, og Feliks fekk Porkius Festus til ettermann. Men Feliks ville gjerne vinna velvilje hos jødane og lét Paulus sitja i fengsel.

Blog
About Us
Message
Site Map