1 Ei tid etter dette gav kong Xerxes høgare rang til Haman, son til Hammedata, agagitten. Han heidra han og sette han høgare enn alle stormennene som var saman med han.
2Alle kongens tenarar i slottsporten fall på kne og bøygde seg ned for Haman, for det hadde kongen gjeve påbod om. Men Mordekai fall ikkje på kne og bøygde seg ikkje.
3Kongens tenarar i slottsporten spurde Mordekai: «Kvifor bryt du kongens bod?»
4Dei snakka til han dag etter dag, men han høyrde ikkje på dei. Då fortalde dei det til Haman for å sjå om Mordekais grunn vart godteken. For han hadde fortalt dei at han var jøde.
5Då Haman såg at Mordekai ikkje fall på kne og ikkje bøygde seg for han, vart han fylt av sinne.
6Men han syntest det var for lite å leggja hand berre på Mordekai. Dei hadde fortalt han kva folk Mordekai høyrde til, og no ville Haman utrydda alle jødar, folket til Mordekai, i heile riket til kong Xerxes.
7 I den første månaden, det er månaden nisan, i det tolvte året til kong Xerxes, kasta dei «pur», det er lodd, om dagar og månader, medan Haman var til stades. Loddet fall på den tolvte månaden, det er månaden adar.
8Dersom kongen finn det for godt, så lat det kunngjerast skriftleg at ein skal gjera ende på dei. Ti tusen talentar sølv skal eg då kunna vega opp og gje til tenestemennene dine, så dei kan leggja det i kongens skattkammer.»
10Kongen tok signetringen sin av handa og gav han til Haman, son til Hammedata, agagitten, motstandaren til jødane.
11Og kongen sa til Haman: «Sølvet skal vera ditt, og med folket kan du gjera som du finn for godt.»
12 Den trettande dagen i den første månaden vart kongens skrivarar kalla saman. På bod frå Haman vart det sett opp eit skriv til kongens satrapar, statthaldarane i kvar provins og leiarane for kvart folk, til kvar provins med den skrifta dei brukte der, og til kvart folk på det språket dei tala. Det var skrive i namnet til kong Xerxes og forsegla med kongens signetring.
13Så gjekk det ut brev med ilbod til alle kongens provinsar om å utrydda, drepa og gjera ende på alle jødar, både unge og gamle, born og kvinner, på ein og same dag, den trettande dagen i den tolvte månaden, det er månaden adar. Eigedomane deira skulle plyndrast.
14Ei avskrift av brevet skulle gjelda som lov i kvar provins og kunngjerast for alle folk, så dei kunne vera budde på denne dagen.
15Sendeboda drog ut i hast på kongens ord med det same denne lova var gjeven i borga Susa. Kongen og Haman sette seg til å drikka, men byen Susa var oppskaka.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.