1 Ord av Amos, ein sauebonde frå Tekoa, det han såg om Israel i dei dagane då Ussia var konge i Juda og Jeroboam, son til Joasj, var konge i Israel, to år før jordskjelvet.
Dom over grannefolka2 Så seier Herren:
Tre ugjerningar av Damaskus, ja, fire
– eg held det ikkje tilbake!
For dei treskte Gilead med jerntaggar.
4 Eg bryt sund portbommen i Damaskus,
ryddar ut han som tronar i Aven-dalen,
og han som ber septer i Bet-Eden.
Folket i Aram skal i eksil til Kir,
seier Herren.
6Så seier Herren:
Tre ugjerningar av Gaza, ja, fire
– eg held det ikkje tilbake!
For dei dreiv alle i eksil og gav dei over til Edom.
7Eg sender eld mot muren kring Gaza,
han skal øyda borgene hennar.
8 Eg sender eld mot Teman,
han skal øyda borgene i Bosra.
13 Eg set fyr på muren kring Rabba,
eld skal øyda borgene der
under kampropa på stridens dag,
i stormen på uvêrsdagen.
15Då skal kongen deira gå i eksil
saman med stormennene,
seier Herren.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.