1 Medan alt dette skjedde, var eg ikkje i Jerusalem. For i det trettiandre året Artaxerxes var konge i Babel, hadde eg reist til han. Etter ei tid bad eg kongen om lov til å fara attende.
7Då eg kom til Jerusalem, vart eg klar over det vonde som Eljasjib hadde gjort då han laga eit rom for Tobia i føregardane til Guds hus.
8Eg vart svært opprørt og kasta alle eigedelane til Tobia ut av rommet.
9Så sa eg at dei skulle reinsa rommet, og eg førte tilbake utstyret frå Guds hus, grødeofferet og røykjelsen.
10 Eg fekk òg vita at levittane ikkje hadde fått det dei skulle ha, og at dei difor hadde fare attende, kvar til sine marker, både dei og songarane som skulle gjera teneste.
11Eg refsa stormennene og spurde: «Kvifor har Guds hus vorte forlate?» Så samla eg levittane og sette dei inn att i stillingane sine.
12Nokre frå Tyros som budde i Jerusalem, kom òg med fisk og alle slags varer og selde det til judearane på sabbaten.
17Då refsa eg dei fremste blant judearane og sa til dei: «Kva er dette vonde som de gjer? De vanhelgar sabbaten!
18Var det ikkje fordi fedrane gjorde slikt at vår Gud førte alt dette vonde over oss og denne byen? De aukar vreiden mot Israel når de vanhelgar sabbaten!»
19Då det tok til å mørkna i Jerusalems portar før sabbaten, sa eg at dørene skulle stengjast, og at dei ikkje skulle opnast att før sabbaten var over. Eg sette òg nokre av mennene mine ved portane, slik at inga last kunne koma inn på sabbatsdagen.
20Ein eller to gonger hende det at kjøpmenn og folk som handla med alle slags varer, overnatta utanfor Jerusalem.
21Eg åtvara dei og sa: «Kvifor overnattar de ved muren? Gjer de det ein gong til, legg eg hand på dykk.» Etter den tid kom dei ikkje meir dit på sabbaten.
22I dei dagane såg eg òg at nokre judearar hadde teke til seg kvinner frå Asjdod, Ammon og Moab.
24Halvparten av borna deira snakka språket i Asjdod eller språket til dei andre folka. Dei kunne ikkje snakka judeisk.
255 Mos 7,3+Eg refsa mennene og forbanna dei. Somme av dei slo eg, og eg reiv dei i håret. Så lét eg dei sverja ved Gud. Eg sa: «De skal ikkje gje døtrene dykkar til sønene deira, og ikkje ta døtrene deira til koner for sønene dykkar eller for dykk sjølve.
261 Kong 11,1ffVar det ikkje på grunn av slikt at Salomo, Israels konge, synda? Mellom dei mange folkeslaga fanst det ingen konge som han. Han var elska av sin Gud, og Gud sette han til konge over heile Israel. Likevel fekk dei framande kvinnene han til å synda.
27Skal ein no høyra om dykk òg at de gjer så mykje vondt og er trulause mot vår Gud ved å ta til dykk framande kvinner?»
28Ein av sønene til Jojada, son til øvstepresten Eljasjib, var svigerson til horonitten Sanballat. Difor jaga eg han bort.
29Hugs dei, min Gud, for dei har sølt til presteskapet og preste- og levittpakta.
30Så reinsa eg dei for alt framandt, og eg fastsette tenester for prestane og levittane, kvar mann med sine arbeidsoppgåver.
3110,34ffEg sa òg når dei skulle koma med vedoffer og med førstegrøda, alt til fastsette tider. Kom meg i hug, min Gud, og rekna meg dette til gode!
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.