1. Samuelsbok 21 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

David i Nob

1 David drog no til presten Ahimelek i Nob. Då kom Ahimelek han skjelvande til møtes og spurde: «Kvifor er du åleine og har ingen med deg?»

2David svara han: «Kongen har gjeve meg eit oppdrag. Og han sa til meg: Ingen må få vita noko om oppdraget eg har sendt deg på. Difor har eg sagt at mennene mine skal møta på fastsett stad.

3Har du noko mat for handa? Lat meg få fem brød eller det som måtte finnast her.»

4Den dagen vart ein av mennene til Saul halden tilbake der, for Herrens andlet. Mannen heitte Doeg og var frå Edom. Han var den fremste blant gjetarane til Saul.

8David sa til Ahimelek: «Har du ikkje eit spyd eller eit sverd her? Eg fekk korkje sverdet eller dei andre våpna med meg, for det hadde slik hast med kongens ærend.»

9Presten svara: «Jau, sverdet til filistaren Goliat, som du slo i hel i Ela-dalen, heng bak efod-drakta, sveipt i ei kappe. Vil du ha det, så ta det. Det er ikkje noko anna sverd her.» «Det finst ikkje maken til det», sa David. «Lat meg få det!»

David hos kong Akisj i Gat

10 Sal 56,1 Same dagen tok David ut og rømde for Saul. Han kom til Akisj, kongen i Gat.

1118,7Mennene til Akisj sa til han: «Er ikkje dette David, kongen i landet? Var det ikkje om han dei dansande kvinnene song:

Saul slo i tusental,

men David slo i titusental?»

12David merka seg vel det dei sa, og han var svært redd Akisj, kongen i Gat.

13Sal 34,1Han lét som han var frå vitet og skapte seg galen når dei kom nær han. Han rissa merke på dørkarmane og sikla i skjegget.

14Då sa Akisj til mennene sine: «De ser då at mannen er frå vitet. Kvifor kjem de til meg med han?

15Har eg ikkje nok av galningar sidan de kjem hit med han der, så eg skal plagast med galskapen hans? Skulle slik ein få koma i mitt hus?»

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help