1 Ei tid etter dette slo David filistrane og tvinga dei under seg. Han tok Meteg-Amma frå dei.
2Like eins vann David over Hadadeser, son til Rehob, kongen av Soba, då han drog ut for å vinna att herredømet over landet ved Eufrat.
4David tok gullskjolda som mennene til Hadadeser hadde bore, og førte dei til Jerusalem.
8Frå Betah og Berotai, to byar som høyrde Hadadeser til, tok kong David bronse i store mengder.
9 Då To'i, kongen i Hamat, høyrde at David hadde vunne over heile hæren til Hadadeser,
10sende han Joram, son sin, til kong David. Han skulle helsa han og ønskja han til lukke med sigeren over Hadadeser. For Hadadeser hadde støtt ført krig med To'i. Joram hadde med seg gåver av sølv, gull og bronse.
11frå edomittane, moabittane, ammonittane, filistrane og amalekittane. Det same gjorde han med hærfanget frå Hadadeser, son til Rehob, kongen i Soba.
13 David vann seg eit stort namn då han kom tilbake frå sigeren over edomittane i Saltdalen. 18 000 mann vart slegne.
14Han sette ut vaktpostar i Edom. I heile Edom sette han ut vaktpostar. Alle edomittane vart slavar for David. Slik hjelpte Herren David kvar helst han fór fram.
15David rådde no over heile Israel. Han fremja rett og rettferd for heile folket sitt.
16Benaja, son til Jojada, var leiar for kretarane og pletarane, og sønene til David var prestar.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.