1Eg vil leggja inn eit godt ord hos dykk for Føbe, syster vår; ho er ein diakon frå forsamlinga i Kenkreæ.
2Ta imot henne i Herren som det sømer seg for dei heilage. Stå til teneste for henne i alle oppgåver der ho kan trenga hjelp av dykk. For sjølv har ho vore til hjelp for mange, også for meg.
3Hels òg forsamlinga som kjem saman i huset deira. Hels min kjære Epainetos, han som er den første frukta for Kristus i Asia.
6Hels Maria, som har arbeidd og slite så mykje for dykk.
7Hels Andronikos og Junia, som er landsmennene mine og fengselskameratane mine. Dei har eit godt namn mellom apostlane, og dei kom til trua på Kristus før meg.
8Hels Ampliatus, min kjære ven i Herren.
9Hels Urbanus, vår medarbeidar i Kristus, og min kjære Stakys.
10Hels Apelles, som er vel prøvd i Kristus. Hels alle hos Aristobolos.
11Hels Herodion, landsmannen min. Hels alle hos Narkissos som høyrer Herren til.
12Hels Tryfena og Tryfosa, som arbeider hardt for Herren. Hels den kjære Persis, som har arbeidd så mykje for Herren.
13Hels kvarandre med eit heilagt kyss! Alle Kristi forsamlingar helsar dykk.
17 °Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykk alle! Amen.•
25 Matt 11,25; 13,11; 1 Kor 2,7; 4,1; Ef 1,9; 3,3f; Kol 1,26+ Lova vere Gud, han som har makt til å styrkja dykk med mitt evangelium, bodskapen om Jesus Kristus, etter openberringa av det mysteriet som har vore løynt frå evige tider,
261,5; 2 Tim 1,10men som no er kome for dagen. Gjennom profetiske skrifter og etter påbod frå den evige Gud er dette mysteriet no kunngjort for alle folkeslag for å føra dei til lydnad i tru.
27Gal 1,5; Ef 3,21; 1 Tim 1,17; 2 Tim 4,18; Jud 25Han, den einaste vise Gud, vere ære ved Jesus Kristus i all æve! Amen.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.