1. Krønikebok 16 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Lovsongen til levittane

1Dei førte Guds paktkiste inn og sette henne i det teltet som David hadde reist for henne, og dei bar fram brennoffer og fredsoffer for Gud.

2Då David var ferdig med å bera fram brennofferet og fredsofferet, velsigna han folket i Herrens namn.

3Så delte han ut eit rundt brød, ei daddelkake og ei rosinkake til alle israelittane, til kvar mann og kvinne.

4Han sette nokre av levittane til å gjera teneste framfor Herrens paktkiste, til å påkalla, takka og lovsyngja Herren, Israels Gud.

5Asaf var den øvste av dei, etter han kom Sakarja, så Asiel, Sjemiramot, Jehiel, Mattitja, Eliab, Benaja, Obed-Edom og Je'iel, alle med harper og lyrer. Asaf skulle slå på symbalane,

6og prestane Benaja og Jahasiel skulle ha som fast oppgåve å blåsa i trompetar framfor paktkista.

7Den dagen sette David for første gong Asaf og brørne hans til å prisa Herren:

8

i heilag prakt!

30Skjelv for han, all jorda!

Verda står fast, ho kan ikkje rokkast.

31 Sal 97,1 Himmelen skal gleda seg, jorda skal jubla.

Dei skal forkynna mellom folka at Herren er konge.

32Havet og alt som fyller det, skal brusa.

Marka skal jubla med alt ho ber.

33Då ropar kvart tre i skogen av fryd

for Herrens andlet,

for han kjem for å dømma jorda.

34 Sal 106,1 Takk Herren, for han er god,

evig varer hans miskunn!

35 Sal 106,47f De skal seia: Frels oss, Gud, vår frelsar.

Sank oss inn og berg oss frå folka,

så vi kan prisa ditt heilage namn

og uredde lovsyngja deg.

36Velsigna er Herren, Israels Gud,

frå æve til æve!

Og heile folket sa «amen» og prisa Herren.

Tenesta ved paktkista

37David lét Asaf og songbrørne hans vera der framfor Herrens paktkiste. Dei skulle ha som fast oppgåve å gjera teneste framfor kista, som det var fastsett for kvar dag,

38og like eins Obed-Edom og brørne hans, sekstiåtte i alt. Obed-Edom, son til Jedutun, og Hosa skulle vera dørvaktarar.

39Men presten Sadok og prestebrørne hans lét han vera ved Herrens bustad på offerhøgda i Gibeon.

402 Mos 29,38ff; 2 Krøn 13,11Dei skulle ha som fast oppgåve å bera fram brennoffer for Herren på brennofferaltaret, både morgon og kveld, og gjera alt det som står skrive i den lova som Herren hadde gjeve Israel.

41Saman med dei skulle Heman og Jedutun og dei andre utvalde som er nemnde med namn, prisa Herren og seia: «Evig varer hans miskunn!»

42Hos Heman og Jedutun var det trompetar og symbalar til å spela på og andre instrument til songen i gudstenesta. Jedutun-sønene var dørvaktarar.

43Så gjekk heile folket heim att, kvar til sitt, og David vende heim for å velsigna sitt hus.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help