Salmane 83 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

1Ein song. Ein salme av Asaf.

2 Edoms telt og ismaelittane,

Moab og hagrittane,

8 Gebal, Ammon og Amalek,

Filistarland og dei som bur i Tyros,

9 jamvel Assur sluttar seg til dei

og er ein sterk arm for Lots søner. Sela

10 Dom 4; 6–8 Gjer med dei som med Midjan,

som med Sisera og Jabin ved Kisjon-bekken.

11Dei vart utrydda ved En-Dor,

vart til gjødsel på marka.

12 Dom 7,21; 8,12.21 Lat fyrstane deira bli som Oreb og Seeb,

alle hovdingane som Sebah og Salmunna!

13For dei sa: «Vi vil ta Guds beitemarker i eige.»

14 1,4+ Min Gud, lat dei bli som tisteldun,

som halmstrå for vinden!

15 Jes 5,24 Som elden brenner opp ein skog

og logane set fjell i brann,

16slik må du jaga dei med din storm

og skremma dei med dine stormkast.

17 6,11+ Fyll andletet deira med skam

så dei spør etter ditt namn, Herre.

18Lat dei bli slegne av skam og skrekk for alltid,

lat dei bli vanæra og gå til grunne!

19 92,9; 96,4; 97,9 Måtte dei skjøna at ditt namn er Herren,

einast du er Den høgste over all jorda.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help