1. Samuelsbok 2 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Hannas lovsong

1 Hanna bad og sa:

Mitt hjarte frydar seg i Herren,

Herren gjev meg stor kraft.

Eg ler av mine fiendar,

for eg gleder meg over di frelse.

2 Ingen er heilag som Herren,

for ingen er til utan du,

det finst ikkje fjell som vår Gud.

3Snakk ikkje med så store og stolte ord,

lat ikkje frekt snakk gå ut av munnen!

For Herren er ein Gud som allting veit,

han prøver kvar ei gjerning.

4Bogane til dei mektige blir brotne,

men dei som vaklar, kler seg i kraft.

5 Herren knuser sine fiendar.

Han lèt det torna over dei frå himmelen,

Herren dømmer den vide jord.

Han vil gje sin konge styrke

og sin salva stor kraft!

11 Sønene til Eli var ugudelege. Dei kjende ikkje Herren.

13Men Samuel gjorde teneste for Herrens andlet. Alt som gut bar han presteklede av lin.

19Kvart år laga mor hans ei lita kappe til han. Den tok ho med når ho saman med mannen sin drog opp for å bera fram det årlege slaktofferet.

20Eli velsigna Elkana og kona hans og sa: «Herren gjeve deg fleire born med denne kvinna i staden for han som ho bad om for Herrens skuld.» Så drog dei heim att.

21Herren såg med omsorg til Hanna, og ho vart med barn att. Ho fekk tre søner og to døtrer. Men guten Samuel voks opp hos Herren.

22 Med misunning skal du sjå alt det gode han gjer mot Israel, men i ditt hus skal ingen bli gammal.

33Berre ein einaste mann i ditt hus vil eg la vera å rydda bort frå altaret mitt. Eg vil la auga dine slokna og livet ditt tærast bort, og alle som veks opp i ditt hus, skal døy i sin beste alder.

344,11Det som råkar dei to sønene dine, Hofni og Pinhas, skal du ha til teikn: Dei skal begge døy på éin dag.

351 Kong 2,27.35Men eg vil la ein trufast prest stå fram. Han skal handla etter mitt hjarte og min vilje. For han vil eg byggja eit hus som står støtt, og han skal gjera teneste hos min salva alle sine dagar.

362 Kong 23,9Det skal gå slik at dei som er att av ditt hus, kjem til han og bed på sine kne om eit pengestykke og ein brødbit og seier: «Lat meg få vera med i eit av prestelauga så eg kan få litt mat å eta.»

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help