2. Samuelsbok 5 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

David blir konge over heile Israel

1 Den dagen sa David: «Kvar den som drep ein jebusitt, desse halte og blinde som hatar David, skal koma fram til vass-sjakta.» Difor heiter det: «Ein blind eller halt får ikkje koma inn i tempelet.»

9 David slo seg ned i borga og kalla henne Davidsbyen. Han bygde omkring henne, frå Millo og innover.

10Filistrane kom og spreidde seg ut over Refa'im-dalen.

19Så drog David til Baal-Perasim, og der slo han dei. Då sa han: «Herren har brote igjennom fiendens rekkjer føre meg, slik vatn bryt seg veg.» Difor kallar dei denne staden Baal-Perasim.

21Der lét filistrane etter seg gudebileta sine, og David og mennene hans tok dei med seg.

22Men filistrane drog igjen opp og spreidde seg ut over Refa'im-dalen.

23Då spurde David Herren til råds, og han svara: «Du skal ikkje dra beint opp mot dei. Gå rundt og bak dei, så kjem du på dei midt framfor baka-trea.

24Når du høyrer lyden av marsjgang over tretoppane, så gjer deg klar! For då dreg Herren ut framfor deg for å slå filistarhæren.»

25David gjorde som Herren hadde sagt han. Han slo filistrane og forfølgde dei frå Geba og nesten til Geser.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help