Habakkuk 2 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Den rettferdige og fienden

1 Sjå, i han er det ei oppblåsen og uærleg sjel.

Men den rettferdige skal leva ved sin truskap.

5 Sanneleg, vinen er trulaus.

Den stolte skal ikkje nå sitt mål.

Som dødsriket spilar han opp gapet,

han er umettande som døden.

Han samlar alle folkeslag hos seg,

sankar saman alle folk.

Ve undertrykkjaren

6Alle desse skal setja i med ei nidvise om han, med spottord og gåter. Dei skal seia:

Ve den som skaffar seg rikdom som ikkje er hans

– kor lenge? –

og gjer seg rik på pantsett gods!

7Långjevarane dine reiser seg brått,

dei som får deg til å skjelva, vaknar.

Då skal du bli eit rov for dei.

8 Ob 15 For du har plyndra mange folkeslag;

no skal resten av folka plyndra deg

til gjengjeld for menneskeblodet

og valden mot landet og byen

og alle som bur der.

9 Jer 6,13 Ve den som skaffar seg urett vinning til sitt hus

og legg reiret sitt høgt

for å berga seg frå vondskaps hand!

10Til skam for ditt hus har du planlagt

å gjera ende på mange folk;

du set ditt eige liv på spel.

11For steinen i muren skal ropa,

og bjelken i treverket skal svara.

12 Jer 22,13; Mi 3,10 Ve den som byggjer ein by med blod

og grunnlegg han med urett!

13 Jer 51,58 Sjå, dette kjem frå Herren over hærskarane:

Det folka strevar for, går opp i logar,

folkeslaga slit seg ut til inga nytte.

14 Jes 11,9 Jorda skal fyllast med kunnskap

om Herrens herlegdom

slik vatnet dekkjer havsens botn.

15 1 Mos 9,20ff; Nah 3,5 Ve den som skjenkjer sin neste,

blandar gift i drikken og gjer han rusa

så han kan sjå han naken.

16 Sal 60,5; Jes 51,17; Jer 25,15ff; 51,7 Du blir mett av skam og ikkje av ære.

Så drikk, du òg, og vis at du har forhud!

Begeret i Herrens høgre hand

skal koma til deg,

og di ære skal gøymast av skam.

17Valden mot Libanon skal koma over deg,

mishandlinga av dyra skal ramma deg.

Du auste ut menneskeblod,

gjorde vald mot landet

og byen og alle som bur der.

18 Sal 115,4ff; Jes 40,19f; 41,6f; 44,9ff; Jer 2,11; 1 Kor 12,2 Kva hjelper eit gudebilete

som ein handverkar har skore ut,

eit støypt bilete som gjev falske svar?

Men handverkaren lit på sitt eige arbeid

og lagar mållause avgudar.

19Ve den som seier: «Vakna!» til ein trestokk,

«Stå opp!» til ein mållaus stein.

Kva slags svar kan han gje?

Visst er han kledd i gull og sølv,

men det er ikkje ånd i han.

20 Sal 11,4; 46,11; Sef 1,7 Herren er i sitt heilage tempel;

ver stille for han, heile jorda!

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help