1 Herrens ord kom til meg:
2
som førte oss opp frå Egypt
og leidde oss gjennom ørkenen,
eit land med stepper og kløfter,
eit land med tørke og dødsskugge,
eit land der ingen ferdast
og ikkje eit menneske bur?»
7 Prestane spurde ikkje: «Kvar er Herren?»
Dei lovkunnige kjende meg ikkje,
gjetarane sette seg opp mot meg,
profetane profeterte ved Baal
og følgde dei som ikkje kan hjelpa.
9 Ja, menn frå Nof og Tahpanhes
har skamklipt skallen din.
17 Frå gammalt av har du brote åket
og slite sund lenkjene dine.
Du sa: «Eg vil ikkje tena.»
På kvar høg haug
og under kvart frodig tre
la du deg ned og dreiv hor.
21 Korleis kan du seia:
«Eg har ikkje vorte urein,
eg har ikkje følgt Baal-gudane»?
Sjå kvar du gjekk nede i dalen,
og skjøn kva du har gjort!
Ei rask kamelhoppe
som renner hit og dit,
24 eit villesel
som kjenner ørkenen
og snappar etter pusten i brunst.
Kven kan halda henne att?
Dei som leitar etter henne,
slit seg ikkje ut,
i paringstida finn dei henne lett.
25 Gå ikkje berrføtt,
spar strupen din for tørste!
Men du seier: «Det nyttar ikkje.
Eg elskar dei framande,
eg vil gå etter dei.»
26Slik tjuven skjemmest når han blir teken,
skal israelittane skjemmast,
kongar og leiarar,
prestar og profetar.
27 5 Mos 32,17f; Jer 32,33 Dei seier til treet: «Du er far min»
og til steinen: «Du har fødd meg.»
Dei snur ryggen til meg og ikkje andletet.
Men når ulukka kjem, seier dei:
«Reis deg og hjelp oss!»
28 5 Mos 32,37f; Jer 10,1ff; 11,12f Kvar er gudane dine som du laga deg?
Dei får reisa seg og hjelpa deg når ulukka kjem!
For du har like mange gudar
som du har byar, Juda.
29Kvifor ligg de i strid med meg?
Alle har de gjort opprør mot meg,
seier Herren.
30 1 Kong 19,10; Jer 5,3; 17,23 Til fånyttes slo eg sønene dykkar,
dei lét seg ikkje oppdra.
Som ei herjande løve
åt sverdet dykkar profetane.
31De som lever i denne tida,
sjå Herrens ord!
Har eg vore ein ørken for Israel
eller eit mørkt land?
Kvifor seier folket mitt: «Vi spring dit vi vil,
vi kjem aldri meir til deg»?
32Kan ei jomfru gløyma smykket sitt
eller ei brur sitt belte?
Men folket mitt har gløymt meg
gjennom dagar utan tal.
33Så flink du er til å finna vegen
når du er ute etter elsk!
Difor har du òg lært deg
å gå på vonde vegar.
34 Jes 1,15 På kappeflikane dine er blod
frå skuldlause fattigfolk
som du ikkje har gripe i innbrot.
Likevel
35seier du:
«Eg er utan skuld,
vreiden hans har vendt seg frå meg.»
Sjå, no får eg deg dømd,
for du seier: «Eg har ikkje synda.»
36Så lett du har
for å ta ein annan veg!
Men også av Egypt blir du gjord til skamme,
slik du fekk skam av Assur.
37 2 Sam 13,19 Også herifrå må du gå ut
med hendene over hovudet.
For Herren har forkasta
dei du stolar på,
du får inga nytte av dei.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.