1 Så drog Salomo til Hamat-Soba og tok byen.
4Han bygde opp att Tadmor i ørkenen og alle byane med lagerhus som han hadde bygd i Hamat.
5Like eins bygde han opp att Øvre Bet-Horon og Nedre Bet-Horon til festningsbyar med murar, portar og bommar,
6og Baalat og alle byane der Salomo hadde lagerhus, og alle dei byane der han hadde vognene og hestane sine. Han bygde òg alt han ønskte seg både i Jerusalem og i Libanon, i heile det riket han rådde over.
7Framleis var det att i landet hetittar, amorittar, perisittar, hevittar og jebusittar, folk som ikkje høyrde Israel til.
8Kvar dag ofra han så mykje som Moses hadde påbode, på sabbatsdagane og nymånedagane og på dei tre høgtidene i året: høgtida med usyra brød, vekefesten og lauvhyttefesten.
14Sidan drog Salomo til Esjon-Geber og til Eilat, som ligg ved kysten i Edom-landet.
18Hiram fekk nokre av mennene sine til å senda han skip med sjøfolk som var godt kjende på havet. Dei tok av stad til Ofir saman med mennene til Salomo. Der henta dei fire hundre og femti talentar gull, som dei førte til kong Salomo.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.