Jesaja 64 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

1Ville du berre flerra himmelen

og stiga ned

så fjella dirra for deg,

som når elden fatar i kvistene,

som når elden får vatnet til å koka,

for å læra dine motstandarar å kjenna ditt namn!

Folkeslag skulle skjelva for ditt andlet

2 2 Mos 19,18ff når du gjorde skremmande gjerningar vi ikkje venta,

og steig ned så fjella dirra for deg.

3 1 Kor 2,9 Aldri har nokon høyrt eller lytta til,

aldri har noko auge sett

nokon annan gud enn deg

som kan gjera slikt

for dei som ventar på han.

4Du møter den som er glad og gjer rett,

dei som hugsar deg og går dine vegar.

Sjå, du vart harm når vi synda i gamle dagar,

men vi vart frelste.

5 Esek 36,17 Alle vart vi som ureine,

all vår rettferd som ureint tøy.

Vi visna alle som lauv,

vår skuld tek oss bort som ein vind.

6Det er ingen som kallar på ditt namn,

som vaknar opp

og held fast ved deg.

For du har løynt andletet for oss

og gjeve oss over til vår skuld.

7 63,16; Jer 18,6; Mal 2,10; Rom 9,20f Men no, Herre, er du vår far!

Vi er leira, du han som formar oss,

alle er vi verk av di hand.

8 Sal 25,7 Herre, ver ikkje harm,

hugs ikkje vår skuld for alltid!

Sjå no hit, alle er vi ditt folk!

9 Sal 79,1 Dine heilage byar har vorte til ørken,

Sion har vorte ein ørken

og Jerusalem ei øydemark.

10 2 Kong 25,9; 2 Krøn 36,19; Sal 74,7 Vårt heilage og herlege tempel,

der fedrane våre lova deg,

har elden svidd av.

Alt vi var glade i, er lagt i ruinar.

11Kan du tola dette, Herre,

teia og audmjuka oss så djupt?

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help